Dette er ein antologi mange har venta på, og samlinga gir oss som lesarar eit godt og omfattande møte med kva den nynorske barnelitteraturen har å by på. Her møter me alt frå flekkmonsteret som bygger harefelle, Noas sjark, det store alfabetdiktet, Jakob og Neikob og mange kjekke songar. Boka vert gitt til alle barnehagar og fyrsteklassar i landet, og bak lanseringa står Nynorsksenteret i Volda.

Boka er fargerik og har eit stort spekter, både i tekst og illustrasjon. Dei klåre fargane fører til at samlinga vert oversiktleg, og at den ikkje verkar så tung som den kanskje kunne. Boka vender seg også med ei helsing til førskulelærar og lærar om korleis dei best kan nytte seg av samlinga. Med trettiåtte forfattarar og tjueto illustratørar vert boka både omfattande og grundig.

Ein styrke med samlinga er detaljene. Her er songar med noter og rause illustrasjonar med ein klår strek. Dei sterke fargane er gjennomførte, og boka er då også delt opp med fargeseksjonar. Her er ei god blanding av kortare og lengre tekstar som alle høver godt til opplesing. Og det er lesestunda for dei minste som står i sentrum. Antologien vil truleg bli ein viktig reiskap for høgtlesing, både i barnehage og skule.

Her er også både tekst og bilete mange av borna kanskje må strekke seg ekstra etter. Dette er ei samling tekstar ein kan ha lenge og vekse saman med. Målsetjinga med boka har vore å samle gode, nye tekstar, noko eg meiner redaksjonen har klart. Mange av historiene, som til dømes Jakob og Neikob, vil mange av borna også kjenne att frå andre bøker. Samstundes vil mange av tekstane vere nye for dei og tilføre høgtlesinga noko ekstra. Og utvalet speglar målgruppa på ein god måte. Her er ikkje utdrag frå dei enklaste biletbøkene, samstundes som handlinga og språket i tekstane er lite komplisert.

Samlinga er like vid og brei som ein god antologi skal vere. Bak i boka vil ein også finne ei omfattande litteraturliste som vil hjelpe den ekstra interesserte i å finne meir detaljert stoff. Her er også ei fagleg oversikt over lesetips, som mange vil ha glede av. Nettopp dette løftar samlinga litt ekstra og fører til at den har mykje å by på, til fleire målgrupper.

Les for meg!
Ei samling nyare barnelitteratur til høgtlesing før og etter skulestart. Redaktør for samlinga er Petra J. Helgesen.
Samlaget 2008
 

Lik Framtida.no på Facebook: