Eit observasjonsmateriell skal auke kunnskapen om barnets tidlege mattematiske utvikling.

– Me hadde lyst til å sjå på kva ein kan gjere tidleg for at færre skal oppleve matematikk som vanskeleg seinare, seier prosjektleiar Hilde Skaar Davidsen ved Sørlandet kompetansesenter.

Observasjonsmateriellet er delt inn i tre deler som skal observere barnets evne til: å bruke det mattematiske språket i resonnering, sjå geometriske løysingar og å telje.

Davidsen legg vekt på at det unike med prosjektet ligg i at det er barnets eigen aktivitet og leik som vert observert.

– Det kan til dømes vere om barnet klarer å dekke eit bord i forhold til kva mat som skal serverast, og kor mange som skal ete. Om dei klarer å skilje mellom stor og liten, opp og ned. Eller om dei klarer å legge eit puslespel, seier ho.

 

Kan førebygge problem
Prosjektet vart prøvd ut på til saman 1200 born før det endelege materiellet vart utvikla.

– Me erfarte då at 70 – 80 prosent av borna meistrar dette heilt naturleg. Men det handlar om dei som ikkje klarer det. For å kunne sjå utviklinga må ein ha blikket på enkeltbarnet og prøve å legge til rette for den enkelte tidleg i barnehagen. Amerikansk forsking viser at ein då kan førebygge mange problem, seier Davidsen.

Målet er å gi dei tilsette i barnehagane kompetanseheving og ulike tiltak som kan prøvast ut i kvardagen. Slik kan ein hjelpe dei borna som ikkje meistrar dei mattematiske utfordringane som dukkar opp.

Vidare til Danmark
MIO er eit samarbeidsprosjekt mellom Sørlandet kompetansesenter (Forum for mattematikkmestring) og Universitetet i Stavanger. Observasjonsmateriellet er utvikla i nær kontakt med førskulelærarar over heile landet som har kome med sine kommentarar. Håndboka vart lansert våren 2008 på Aschehoug Forlag og skal nå også lanserast i Danmark.
Les meir om MIO på Kursveven.

Lik Framtida.no på Facebook: