Dette er ei samling med dikt og vers. Tøysete, morosame og litt meir alvorlege vers. Linde Hagerup har klart å gi oss ei samling dikt som me likar å lese høgt, ja som ein nesten kan syngje. For dette er vers fylte med rim, rytme og klang. Vers som vert verande oppe i hovudet og som ein kan nynne for seg sjølv, om og om igjen.

Ingen vet hvor haren hopper
Hit og dit, og opp og ned
Ingen vet når haren stopper
Stopper haren, har den fred.

Hagerup skriv mykje i fast form, og her er bruk av både enderim og bokstavrim. Dette gjer mange av versa lette å hugse og fører til at borna kjenner att trekk frå andre rim og regler.

I mange av versa er språket det viktigaste, humor vert brukt som eit verkemiddel for å kunne la rimet stå på eigne bein. Trass i dette er det også innslag av alvor:

Tid er aldeles merkverdig
Først snegler den seg av sted
Men viss du slår tiden i hel
Så går den som bare det

I slike innslag har også den vaksne lesaren noko å strekkje seg etter. Tekstane ber elles preg av den enkle handlinga, kvardagen. Samstundes vert det dikta om store mysterium som verdsrommet.

Boka er ryddig og enkelt sett opp. Teikningane er tydelege og detaljrike. Det er ingen tvil om at teksten står i sentrum i presentasjonen, samstundes som illustrasjonane til Thore Hansen verken forsvinn eller kjem i skuggen av handlinga. Dei speler derimot på dei enkle versa og bygger opp under handlinga slik at det vert lettare å fylgje med.

Men mest av alt handlar dette om tekst. Om rim, rytme og musikalitet. Versa går inn i ein tradisjon ein kanskje ser alt for lite av i nyare barnelitteratur. Desse versa kan ein truleg lese høgt for born heilt ned i 2-årsalderen.

 

Av: Linde Hagerup
Illustrert av: Thore Hansen
Cappelen Damm 2008.

  

Lik Framtida.no på Facebook: