Stian Hole hausta i fjor prisar både i inn og utland for den fyrste boka om Garmann, Garmanns Sommer. No er han tilbake med ei ny vakker og skummel bok om den vesle guten som denne gongen har byrja på skulen.

Når Roy i fjerde dukkar opp, ynskjer Garmann at han er på ferie i Kina eller at han blir borte som spurvane i hekken. Roy er kongen i gata og bestemmer alt. Garmann har våga seg inn i hagen til Frimerkemannen, der det frå før er skummelt nok. Så får Roy han til å tenne på det tørre graset, og då blir alt farleg og fælt.

Men Garmann blir likevel vener med Frimerkemannen, som har god tid til å snakke om store ting på trappa. Garmann får nye blomar med fine namn som åkermåne, ormehode og øyentrøst til herbariet sitt. Frimerkemannen har vore postmann og kan alle postnumra frå 9900 Kirkenes til 4521 Lindesnes.

Det mest fantastiske med denne boka er kor gjennomført ho er. Stian Hole har ein særeigen digital collageteknikk, og har også denne gongen stått for både design, illustrasjon og tekst. Boksidene er fulle av poesi og små detaljar både småskulebarn og vaksne kan fryde seg over. Denne boka kan ein lese mange gonger og finne noko nytt kvar gong.

Garmanns gate
Ei biletbok av Stian Hole
Cappelen Damm 2008

Lik Framtida.no på Facebook: