SÅ BRA!!!! tenkjer eg når eg får bøker med god nynorsk tekst for førskulebarn. Det tenkte eg no òg då eg fekk dei to små biletbøkene av Björk Bjarkadottir. Dei er gode å ta i og lette å handtere for barn frå tre-fireårsalderen med den korte teksten på motståande side. Annakvar side er som eit lite måleri, med vakre, noko mørke fargar. Illustrasjonane er klare og enkle, og dersom ein liker den naivistiske streken, vil dei sikkert falle i smak hjå både vaksne og barn.

Eg, som tilhøyrer bestemorgenerasjonen, synest likevel litt synd i barn i dag som får bilete som anten er ei etteraping av det barn teiknar sjølv, eller noko som er såkalla “kunstnerisk” og meir for vaksne. Men illustrasjonane i båe bøkene er uttrykksfulle med fleire detaljar å feste blikket på for ein treåring.

“Pappa er best” er tileigna alle barn som har ein snill pappa, men den som skal hamle opp med far til Sofie, vil ikkje få det lett. Han kan nemleg det meste, klatre i tre, trylle fram karamellar, byggje eventyrslott frå morgon til kveld; kort og godt ein drøymepappa som aldri seier nei. Ingen far kan leve opp til Sofie sin far, og det er vel ikkje meininga heller, men korleis vil det vere å lese høgt frå denne boka dersom far kjem trøytt heim frå jobb og helst vil lese avisa i fred utan ungemas? Men kanskje kan mor lese høgt, og så kan både ho og Sofie drøyme seg inn i ei fantasiverd med eventyrfedrar.

alt“Mamma er best”, derimot, vil vere lett å lese og bla i for både mor og far. Her møter vi Olai som er sinna og skuffa når magen til mamma blir så stor at det ikkje er plass til han på fanget. Det er lett å identifisere seg med Olai som går ut i verda for å finne seg ei ny mamma, så her er mykje å snakke om for både liten og stor.

Her er vi òg i ei fantasiverd, for Olai møter nemleg dyremødrer, både elefant og kenguru, fisk og fugl, krokodille og ku, alle med sine særtrekk. Til slutt finn Olai sjølvsagt ut at hans eiga mor er den aller, aller beste. Så får ein berre vone at det er slik i det røynlege livet også.

Mamma er best!
Pappa er best!
Tekst og teikning: Björk Bjarkadottir
Skald forlag 2008
Nynorsk

Lik Framtida.no på Facebook: