Nokre menneske har lett for å seie ja, andre svarar nei til det meste. Jakob og Neikob lærer oss at nei kan bli til ja, og at ja-menneske også av og til må setje grenser. Jakob er den positive, den som kjøper lamper og trommer av seljarar, den som alltid vil på tur og som let farlege tjuvar få lov til å sitje på heilt til Utlandet. Neikob, derimot, er skeptisk til det meste, han vil ikkje dele hus med Jakob på grunn av alt det Jakob kjøper, han vil ikkje ha boller og ikkje vere med på biltur. Neikob kan faktisk seie nei på hundrevis av språk.

Men så kjem Jakob på det geniale. ”Du seier vel ikkje nei til ein biltur, vel?” spør han Neikob, som sjølvsagt svarer ”Nei”. Dermed reiser dei på tur mot Utlandet.

Kari Stai, som er både tekstforfattar og illustratør av boka, tek opp eit viktig tema dei fleste av oss vil kjenne seg att i. Ofte kan det vere naudsynt at nokon fortel oss om me bør seie ja eller nei. Ingen av oss kan vere positive eller negative til alt.

Teikningane i boka er store og dominerande med klåre fargar. Dei er enkle i streken og gir oss eit tydeleg inntrykk av Jakob og Neikob, ikkje minst gjennom ansiktsuttrykk som tydeleg viser oss kven som seier ja og nei. Det er tydeleg at illustrasjonane er inspirerte av kollasj – noko som gir eit levande uttrykk.

Dei små tekstavsnitta finn sine naturlege plassar på sidene og fører til at boka truleg vil passe best som høgtlesing for born frå fire år og oppover. Med så sterke teikningar vil det også for dei minste vere lett å fylgje med i handlinga.

Jakob og Neikob har også fått sin plass i antologien Les for meg!, som Nynorsksenteret står bak. Denne antologien vert gitt som gåve til alle barnehagar og småskular i landet.  

Jakob og Neikob
Av Kari Stai
Samlaget 2008

Lik Framtida.no på Facebook: