I Gullullafjøset vart det født eit annleis lam, eit lilla lam ingen før hadde sett maken til. Det er nesten ingen, ikkje eingong mora, som vil ha noko med Lilla å gjere. Ho er ikkje som dei, og dermed får ho ikkje vere med til fjells den sommaren. Derimot må ho leve att heime som flaskelam. Berre Gamalsauen tek seg av Lilla, og saman fer dei til fjells likevel. Men der gjere Lilla noko ingen av sauene har gjort før henne…

Sissel Horndal tek oss med gjennom ei rørande historie om nokon som fell utanfor og som må bevise at dei også kan få til noko. Og slik skaffar Lilla seg respekt blant dei andre sauene. Historia er klassisk og full av moralske aspekt. Det er ei forteljing mange, både barn og vaksne, vil kjenne seg att i. Det heile handlar om mot og vennskap.

Horndal har eit levande språk som driv handlinga framover. Men mest av alt er det illustrasjonane som gjer historia så levande. Teikningane er gode å sjå på, dei er fargerike, store og så realistiske at kvar sau til og med har sitt eige ansiktsutrykk. Det er ei bok du får lyst til å lese i, eller berre sitje å kikke i. Og for dei minste barna er det godt å kunne fylgje historia utan ord, og sjølv gjerne klare å tolke teikningane på ein ny måte.

Himmelspringaren
Av Sissel Horndal
Mangschou 2008

 
 

Lik Framtida.no på Facebook: