– Nynorsken bør nærme seg endå meir dialektane, meiner professor Helge Sandøy.
Men språkmeldinga legg opp til færre sideformer.

Hos bestemor eller hjå bestefar?
Ynskjer du deg ferie, eller ønskjer du å slutte i jobben? Språket vårt opnar for mange val. Kanskje for mange, vil nokre seie. Nynorsk skriftspråk har dei siste hundre åra kome stadig nærare dialektane. Fleire valfrie former har gjort at nynorskbrukarar over heile landet har kunna skrive eit språk som ligg tett opp til talemålet.

Tøvete
Men denne fridomen kan bli truga dersom språkmeldinga frå kultur- og kyrkjedepartementet får gjennomslag med idéen om innsnevring av nynorsken. Det meiner professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen, Helge Sandøy. Han er kritisk til dette punktet i stortingsmeldinga, som Språkrådet-direktør Sylfest Lomheim har karakterisert som den viktigaste på 30-40 år. Lomheim
meiner Noreg har kome bakpå i språkpolitikken. Han argumenterer blant anna med at det i 2009 er viktigare å fokusere på at nasjonalspråket skal overleve, enn på rettskrivingsspørsmål.

– Dette er tøvete viss poenget er at rettskrivingsspørsmål står i vegen for kampen for norsk. Skal folk kjempe for språket sitt, er det òg viktig at dei er engasjerte i det og verkeleg føler at språket er deira. Derfor er
forma på språket viktig. Nynorsken bør kome endå nærare dialektane. Språkmeldinga legg opp til det motsette, seier Sandøy. 

– Men vil ikkje færre sideformer gjere nynorsken enklare for fleire? 

– Det trur eg ikkje. Viss vi berre står att med ein læreboknormal, vil nynorsken tape terreng. Heile poenget er jo at folk skal få kulturell sjølvtillit ved å kunne skrive så nær til sin eigen dialekt som mogleg. Det handlar om å godta mange identitetar og kulturar.

Gradvis forandring
Sidan jamstillingsvedtaket mellom nynorsk og bokmål i 1885 har likskapen mellom det munnlege og skriftlege språket blitt gradvis større, meiner Sandøy. Den politiske viljen til Venstre spreidde seg etter kvart over til Arbeidarpartiet. Det dukka opp fleire likestilte former, og utrangerte ord og skrivemåtar vart luka bort. Men ikkje alt gjekk like fort.

–  I bokmålet har fleire gamle overklasseformer halde seg ved lag. Heilt fram til 1990-talet skreiv til dømes Aftenposten ord som «efter», «nu» og «sne». Men i dag er desse orda heilt borte

–  Kan språket kome endå nærare talemålet enn i dag?
– Ja, og det gjeld også nynorsk. Men får Språkmeldinga gjennomslag, er eg redd folk rundt omkring i landet ikkje vil oppleve den same identiteten med nynorsk som i dag. Nynorsken er avhengig av at alle føler dei har plass i
språket, elles taper han kontakten med folket.

Nynorsk ikkje i særstilling
Men professoren er ikkje med på at det gamle landsmålet står åleine om å samsvare med dialektane.

– Også ulike bokmålsformer kan ligge nær dialektane våre. Problemet er berre at dei dialektvenlege kreftene frå 1800-talet og fram til i dag ikkje har vore like sterke som i nynorskkretsar. Det gjer at det eg kallar «vestkant- og bergenskbokmål» dominerer, kjenneteikna med en-endingar i substantiva og et-endingar i verba. Dette er eit språk berre nokre få hundretusen snakka

– Kvifor er det slik?
– Først og fremst handlar det om politikk. Frå slutten av 1800-talet køyrde Distrikts-Noreg, med partiet Venstre i spissen, ein kamp for norsk språk, det vil seie dialektane eller folkemålet i bygd og by, ikkje overklassespråket i byane. Her kom nynorsken i ei særstilling fordi han har eit heilt anna forhold til det å ta vare på dialektmangfaldet.

Dialektnært språk over heile landet
Å seie kor i landet dialektane speglar seg best i det nynorske skriftspråket, synest professoren vert umogleg.

– Det er ikkje nødvendigvis slik at talemålet i Nordfjord er nærast nynorsk. I og med at ein har så mange valformer, kan det like godt vere i Rogaland som i Trøndelag. At nynorsk er meir brukt i skrift i Sogn og Fjordane enn i
andre fylke, kjem av at nynorsktradisjon og nynorskidentitet har fått betre rotfeste der. Uheldigvis har denne tradisjonen tapt fotfeste i Trøndelag dei siste tiåra.

– Vil denne tradisjonen endre seg framover?
– Historia har vist at grensene flyttar seg sakte. Det tek fleire generasjonar for språktradisjonar å forandre seg. Det skal ein del identitetsbygging til for at bokmålsfolk går over til nynorsk. Men det hjelper mykje at arbeids- og næringsliv i større grad tek nynorsken på alvor i dag. Det er eit godt teikn for framtida.

Snakkar nynorsk
Språkvitaren er ikkje så oppteken av kor mange som nyttar nynorsk. Det viktigaste er at dei ulike jamstilte formene vert tekne vare på, slik at språket får vere tett opp til dialektane – nett slik målet var for Ivar Aasen sjølv.
– Men sjølvsagt er det ein trussel om stadig færre vel å bruke språket vårt. Men eg trur ikkje det skjer. Ein kan ikkje tolke slikt ut frå skulemålsprosentar. Nynorsken blir brukt på fleire område i dag. Det er blitt lettare å vere nynorskbrukar. Blant anna aukar talet på nynorskartiklar på internett. Etter ordninga med valfri sidemålsundervisning i Osloskulen laga Nifu eit skjema der elevane skulle svare på ei rekkje spørsmål kring språket sitt. I sørsmålet om kva som var målforma til foreldra/føresette, var svaralternativa slik: «norsk , bokmål», «norsk, nynorsk» eller «anna språk».

– Går det an å «snakka» nynorsk og bokmål, Sandøy?
– Ja, eg snakkar i somme høve nynorsk, men då snakkar eg «etter skrifta» og ikkje etter morsmålet mitt, altså dialekten. Her må ein skilje. Dette synet at dialektar er anten bokmål eller nynorsk, finn ein mest av i Oslo-området. Der er ein tendens til at ein reknar eige talemål som «bokmål» eller «normalt» – og så finn ein liksom dialektar og det spesielle utafor Oslo-gryta. Dette er ei sjølvoppleving i den typiske sentralkulturen.

Norge skil seg frå utlandet
Vi kan altså slå fast at både bokmål og nynorsk ligg nært talemålet i Noreg, men at nynorsk i større grad vert praktisert på ein dialektnær måte. Slik er det nødvendigvis ikkje i utlandet. I England og Frankrike har ortografien knapt endra seg dei siste tre hundre åra. Men uttalen har utvikla seg mykje, så det kan vera heilt umogleg å utleie skrivemåten frå det som vert sagt.

Sandøy viser igjen til den norske historia når han skal forklare kvifor den norske språkhistoria skil seg frå mange andre land.
– Den spesielle konfliktsituasjonen har forsterka det heile her til lands. Under unionen med Danmark hadde vi ikkjevårt eige skriftspråk. Den 150 år lange språkkonflikten vi har bak oss, viser at talemålet har vore viktig i kampen for å bygge vår eigen kultur. Ein liknande situasjon har ein hatt på Færøyane. Elles er det ikkje mange andre samfunn som har ei språkhistorie som Noreg.

Nynorsktips
Når det gjeld dialektar, vil professoren gi yrkesgruppa lærarar ei ekstra oppmoding. Han meiner denne yrkesgruppa har eit ansvar for å setje seg inn i talemålet der dei arbeider.

-Mange lærarar blir nøydde til å flytte og arbeide ein annan stad enn der dei voks opp. Når dei kjem til ein ny plass, bør dei arbeide aktivt for å vise respekt for dialektane

– Har du nokre konkrete tips?
– Ein må for det første lære seg å bruke ordbok og grammatikkbøker. Dessverre finst det ikkje altfor mange gode bøker om dette temaet. Men Benthe Kolberg Jansson og Roger Lockertsen har laga ei bra bok som heiter «På godt nynorsk». Den legg vekt på breidda i nynorsken.

Elitespråk?
Noreg  har hatt ei fruktbar språkhistorie. Dei lange vandringane til Ivar Aasen resulterte jamvel i at vi fekk to likestilte målformer. Men kva med eit lite tankeeksperiment: Kva hadde skjedd utan alle endringane i språket? Kva om Jon Fosse og Anne B. Ragde skreiv som Arne Garborg og Henrik Wergeland?
– Eg trur skirftkulturen hadde vore meir eliteprega, slik han er i England og Frankrike, slår Sandøy kjapt fast og legg til: Heldigvis har vi ikkje grodd fast i gamle spor. Vi har hatt ei demokratisk utvikling og ein god statleg pråkpolitikk. Det har gjort at det for mange nordmenn har vore lettare å uttrykkje seg med pennen i handa. Eg håpar utviklinga held fram, og at dei mangfaldige dialektane står seg også i framtida.

 

Helge Sandøy

*Professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen

*Prosjektleiar for «Den nye nynorsken» og for «Moderne importord i språka i Norden».
Medarbeidar i Islandsk-norsk ordbok.
*Publikasjonar: «Laust samansette verb i vestnordisk» (1976), «Han er åt og kjem seg»: Om ein vestnordisk aspektkonstruksjon (1986), «Norsk dialektkunnskap» (1987), «Talemål» (1996), «Lånte fjører eller bunad?» Om importord i norsk (2000).

 

Språkmeldinga

*er ei stortingsmelding som vart godkent i statsråd 27. juni i fjor.
*Skal styrke norsk språk i åra framover. Legg blant anna vekt på eit «konsistent og einskapleg språk». Språket skal også vere kulturpolitisk forankra.
*Ifølge Kultur- og kyrkjedepartementet har det aldri tidlegare i landet vore lagt fram eit så omfattande stortingsdokument som på ein systematisk måte drøftar den norske språksituasjonen.
*I språkmeldinga er det over 100 tiltak regjeringa ønskjer å gjennomføre, mellom anna at norsk skal bli eit berande språk i næringsliv og forsking.

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: