Det finst ingen reglar. Det finst ingen bøker som er betre enn andre. Foreininga !les vil berre ha oss til å lese høgt for borna.

Du har kanskje undra deg, der du sit i midten av lesekroken. Du har funne fram ein klassikar du hugsar godt frå din eigen barndom. Thorbjørn Egner vil dei nok lika. Ingenting er vel som ei røvarhistorie frå Kardemommeby. Ungane er forventningsfulle, og du skal fortelja historia – utan at seksåringane får lyst til å knuffa, skrika eller spørja etter trøsykkelen.
– Det første ein bør gjera, er å leggja frå seg den nostalgiske haldninga. Ein treng ikkje nødvendigvis lesa om Albert Åberg kvar gong det er lesetid, seier Ketil Kolstad, dagleg leiar i Foreininga !les.
Han meiner at mange, både lærarar og foreldre, veit for lite om barnelitteratur. Det gjer at valet for ofte endar på ei Egner- eller Anne-Cath. Vestly-bok.
-Vi oppdaterer oss for sjeldan i barnelitteraturuniverset. Vi bør bruke like mykje tid på å undersøkje bøker til borna som til oss sjølve, oppmodar Kolstad.

Vel bøker etter interesser
Det betyr ikkje at vi skal skrinleggje Egner og Vestly for godt. Poenget til Kolstad er at ein kanskje kan utvide horisonten sin litt meir.
-Born må oppleve mangfald, både i sjanger og målform. Ein skal hugse på at også dei minste er reflekterte og opptekne av dei gode historiene.
-Kva bøker bør ein velja til borna i 2009?
-Det er ikkje så nøye så lenge litteraturen treff målgruppa. Eg trur det viktigaste er å finna noko som interesserer. Spesielt viktig er dette for gutane. Dei er nok generelt meir «nerdar» enn jenter. Astronomi, fotball, fiske eller mekking. Det er ikkje så nøye kva temaet er, så lenge vi les. Gode historier er betre enn eit «fint» tema, meiner lesegeneralen.

Ingen lesereglar
Men tilbake til lesekroken. Du har kanskje lagt frå deg Åberg, som «berre skal gjera ditt og berre skal gjera datt». Du har funne ei bok du meiner er både aktuell og spanande. Du er klar til å opna munnen. Men korleis skal orda lesast? Skal du bruka dialekt? Eller er eit normert språk det beste?
– Det viktigaste er at teksten er i hovudfokus. Viss den er det, finst det ingen lesereglar. Det er berre til å sleppa seg laus. Skapa bilete for lyttarane. Det er viktigare å vera komfortabel enn å lesa perfekt. Og så trur eg variasjon er bra. Bokmål, nynorsk og dialekt. Borna kan ofte bli utfordra meir enn vi vaksne trur.
-Kva med å frigjera seg frå boka?
-Der ligg litt av nøkkelen. Den munnlege tradisjonen oppstår her og no. Då er det viktig å bruka fantasien. Ein kan gjerne involvera borna også. Stoppe opp litt. Spørje kva dei tenkjer, og la dei fantasera. Det verste er at nokon fell av lasset.
– Men kva om det likevel skjer?
– Då må ein få i gong samtalen igjen. Skifte frå å fortelja til å vise bilete kanskje. Høgtlesing er ikkje berre einvegskommunikasjon

Di eiga stemme
Synst du dette høyrest utfordrande ut? Skifta frå bokmål til nynorsk. Involvera til samtale, for så å dikta fritt ut frå eit bilete.
– Ein treng absolutt ikkje ha gått Teaterhøgskulen for å klara dette. Det viktigaste av alt er å ta vare på si eiga stemme, vera seg sjølv. Og så må ein øve, øve og øve.
– Men kvifor er høgtlesing så viktig for dei små?
– Den viktigaste årsaka er at grunnlaget for leselysta vert lagt i barneåra. Skal ein skapa ein livslang lesar, må borna bli lesne for. Spør du borna, vil dei nok svare: «For å bli klok». Og det er jo også sant. Men som sagt, får ikkje borna kjennskap til litteratur medan dei er små, er sjansane minimale for at dei tar fram lesebrillene når dei vert vaksne.
– Når bør ein slutta med høgtlesing i skulen?
– Ein stor feil mange gjer, er å slutta å lesa når borna sjølve lærer seg teknikken. Eg meiner høgtlesing er ei sosial oppleving som bør vare livet ut. Det er identitetsbyggande og styrkjer fellesskapet. Det er ein grunn til at vi er så flinke til å høyra på lydbøker saman.
– Bør vi lesa annleis for gutar og jenter?
-Eg trur ikkje det. Tek ein utgangspunkt i noko interessant, handlar det om det same. Det er formidlaren det står på. Då er det også det same om det er menn eller kvinner som les. Men vi treng fleire mannlege forteljarar i klasseromma. Det trur eg vil gjera at gutar les meir også. Dei treng rollemodellar dei kan identifisera seg med.

Bekymra for skumlesing
PISA-undersøkingane har ikkje alltid vore lystig lesnad her til lands. I Noreg les 20 prosent av elevane så dårleg av dei ikkje meistrar dagleglivstekstar. Kolstad håpar tiltaksplanen «Gi rom for lesing!» gjev resultat. Prosjektet, som varte frå 2003-2007, skulle stimulera til auka leselyst og styrka lesedugleiken blant born og unge.
– Det blir meldt om kjemperesultat. Men det tar nok litt tid før ein ser dei endelege resultata. I mellomtida kan vi kanskje bli meir merksame på kva dei minste les. Eg er spesielt uroleg for all lesinga på dataskjermar. Det trugar lesekvaliteten fordi dei minste lærer seg uvanar gjennom å skumma kjapt gjennom tekstane.
– Men er det ikkje bra med alt som blir lese?
– Jo, men eg fryktar at denne leseteknikken blir overført til skulekvardagen. Det kan føra til at mange nøyer seg med å skumma lærebøkene også. Men er ein merksam på dette, har eg ingen ankepunkt mot den teknologiske utviklinga. Lesing er litt som å læra å sykla. Har ein først fått det i blodet, kan ein det. Utfordringa er å halde på lesemotivasjon etter fylte 13 år.

Lik Framtida.no på Facebook: