Tunkatten Lurivar har opna eit utandørs barnebibliotek på Høgetua, rett ovanfor Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Barnebiblioteket Barneboktua vart opna 15. juni og skal vera ope heile sommaren både dag og kveld.

Bøkene er valt ut spesielt med tanke på born i alderen 5 til 10 år, og er ei gåve frå barnebokklubben Blåmann.
– Vi håpar mange nyttar seg av dette nye, familievenlege tilbodet frå Ivar Aasen-tunet, seier formidlingsleiar Kjersti Markegård Bae i ei pressemelding frå Aasentunet.

På Høgetua er det ein trebenk med fantastisk utsikt mot vatn, fjell, øyar og fjord. Ein fin og fredeleg leseplass for store og små.
Seksåringane Anette Moe Bjørkedal, Tale Rørvik Lejon, Mari Ims Lied og Anna Marie Mork var svært oppglødde for å få vere med på opninga av Barneboktua, og blei dei første som fekk namna sine skrivne inn i gjesteboka. Lurivar las også til dei frå ei av bibliotekbøkene sine.

Sommarope bibliotek

altBøkene finn du i to fargerike kassar som er godt merka med både potemerket til Lurivar og eige skilt. –  Barneboktua er eit litt annleis bibliotek. Det er berre ope i sommarferien og det er sjølvbetent. Alle som kjem dit kan finne seg ei bok og setje seg ned og lese i naturskjønne omgivnader og så leggje boka tilbake igjen før dei går, seier Markegård Bae.

På vegen opp til Høgetua har Lurivar laga ein natursti med spørsmål om litt av kvart, songar, bøker og om katteord. Svarark til naturstien får ein i Aasen-tunet, og alle som leverer inn er med i trekninga av fine sommarpremiar frå Lurivar.

Kvar tysdag og fredag i sommar held også tunkatten Lurivar spesialomvisingar for born i Aasen-tunet. Der viser han borna mange av løyndomane sine i utstillinga, og tek dei med til ein av dei andre gode leseplassane sine, hemsen.

Lik Framtida.no på Facebook: