I Bekketunet barnehage skapar dei magiske stunder med form og farge.
– Kan det regne sol, går det an?, undrar atelierist Ellen Andersen i Bekketunet barnehage. Bordet er dekka med papirduk med glitter og måling i alle fargar. Ellen tek den gule flaska fram og snur den på hovudet. Barna rundt bordet ler frydefullt når fargen landar på bordet. Jo, jammen kan det regne sol. Små hender blandar, klattar og lagar vegar i den blå-gule-lilla-grøne fargen. Nokon har til og med laga sitt eige hus og har eigen bil. Det handlar ikkje alltid om det du skapar, men like gjerne om korleis du gjer det.

– Kan tenne gneisten
I Noregs største barnehage, Bekketunet i Stavanger, har dei eigne atelieristar. Ellen Andersen har saman med Erna Abotnes ansvaret for å stimulere til leik med form, farge og språk. Det handlar om å skape kreativitet. På veggene heng bilete, måleri og teikningar. Vindauga er målte i alle slags fasongar og fargar, mange av dei etter den årstida me er inne i. Til dømes prydar to paraplyar det eine vindauga, og eit tre i nabobygget får farge og bladverk etter årstida. På vinteren vert det til og med måla snø på treet. I eit tredje vindauge heng eit grønt eple, så ekte at ein nesten får lyst til å bite i det. Og i glaskarmen står det måleri på rad og rekke, barna i Bekketunet har nemleg ei årleg kunstutstilling.
– Då overfører me barnet si teikning over på eit større lerret, og så hjelper me dei med å måle det ferdig. Gjerne med ein liten tekst på, seier Ellen.
– Det handlar om å gi barna eit verdigrunnlag. Klarer me å skape kreative ungar, får dei ein god ballast med seg vidare. Me kan tenne gneisten. Barn som er kreative, blir ofte flinke til å sjå løysingar på problem, meiner Ellen.
Barnehagen er ikkje ein Reggio Emilia-barnehage, men enkelte avdelingar er sterkt inspirerte av filosofien frå Italia.
Grunnleggjaren av filosofien var barnepsykolog og pedagog Loris Malaguzzi. Han var barnehageleiar i Reggio Emilia frå slutten av 60-tallet og fram til 90-talet. Filosofien er basert på at barn lærer av å konstruere sin eigen kunnskap saman med andre barn og vaksne. Pedagogen si rolle vert då å leggje til rette for mest mogleg utvikling.
– Dersom eit barn til dømes har ei enorm interesse for gravemaskinar, så reiser me kanskje ut for å sjå ekte gravemaskinar, me les om dei og finn informasjon på nettet. Slik får barnet lov til å dykke ned i eiga interesse, seier Erna.

Lars (6) leikar med form og farge
Lars (6) leikar med form og farge
– Kunst gir språkutvikling
Undring er viktig i Bekketunet. Undring og den gode samtalen. Kvifor er det slik? Kvifor går ikkje det an?
– Sidan eg har sjansen til å jobbe med få barn om gangen, er eg nøye på pedagogen si oppgåve, nemleg å lytte, stille spørsmål, utfylle med eigne, ærlege kommentarar og vise med heile kroppsspråket mitt at dette interesserer meg. Det er viktig å oppmuntre dei til å setje ord på kjenslene. Husk, me er ulike ut frå kven me er og kva erfaringar me har, seier Ellen.
Og det sterke fokuset på kunst og kultur er ikkje noka sperre for å kome seg gjennom alle fagområda, meiner dei to.
– Det estetiske er viktig. Mange låser seg diverre fast i alle fagområda. Men viss du brenn for kunst og kultur, kan du lett vere innom alle saman, seier Ellen og held fram:
– Viss me til dømes sit med lysbordet vårt og leikar med steinar, kan eg be barnet kome med fire kvite steinar. Då har me jo plutseleg mattematikk. Eller språkutvikling. Eventyr, rim og regler er ein viktig del av arbeidet vårt.
– Barn treng kreative vaksne. Vaksne som utfaldar seg, skaper liv og driv i sosiale situasjonar og former materiale så vel som miljø, slår ho fast.
Ho har alltid ei regle som passar for kunstprosjektet eller for det enkelte barnet.
– Alle veit at song og musikk skaper språkutvikling, men ein skal vere merksam på at formgjeving også gjer det. Det er synd det ikkje blir brukt meir rim og regler, det er jo formidling av rein kulturarv, held Ellen fram medan ho diktar små historier på bordet med fingermåling. Plutseleg har ho teikna seg ein stor tekopp på bordet og inviterer til selskap. Og når vesle Anna går forbi, kjem regla: Lille Anna spurte mamma/om å få en kopp te./ Hun fikk te…/men ikke skje, / det var slemt av mamma det.

Satsar på gjenbruk
Ellen skal inspirere dei tilsette i heile barnehagen til å bruke meir form og farge, til å våge å gjere nye ting. Ofte vert ho invitert rundt på avdelingane for å skape kunst og gi rommet det vesle ekstra.
– Eit godt råd er å skape magiske stunder. Det treng ikkje koste så mykje eller vere så vanskeleg. Men prøv gjerne å få til mindre grupper, slår ho og Erna fast.
Ved bordet står ein gamal stol som barna har byrja å lappe saman med fargerike stoffremser. Gjenbruk er viktig i Bekketunet, ting kan brukast opp att. I staden for å reise til IKEA for å kjøpe nye syltetøyglas kan ein invitere foreldre og andre til å kome innom med ting dei har til overs. I taket heng gamle blekkboksar målte i glade fargar.
– Eg likar ikkje å kaste ting. Barna treng å lære at me ikkje alltid treng å kjøpe noko nytt. Men det er vanskeleg, det er jo ikkje skomakarar igjen, for å seie det slik, seier Ellen.
Ute i gangen heng bilete av borna, alle med ein artig kommentar skriven under.
– Humor er viktig, slår Ellen fast.

Kerim (5) og Habibe (4) får boltre seg i alle fargane. (Foto: Judith Sørhus Litlehamar)
Kerim (5) og Habibe (4) får boltre seg i alle fargane. (Foto: Judith Sørhus Litlehamar)
– Hundre nasar
Det er tid for å vaske etter fingermålinga. Kerim (5), Habibe (4) og Lars (6) har farga både seg sjølv og kvarandre. No rullar, riv og pakkar dei saman papiret slik at det blir ein rund ball som blir god å kaste i søppelbøtta.
– Å nei! ropar plutseleg Ellen: har eg vaska vekk nasen min? Har eg det?
– Nei, ler barna.
– Du har fått hundre nasar, smiler Lars.
– Hundre nasar? Det går ikkje an? Gjer det ?, undrar Ellen med store auga.  

 

Fakta:
Bekketunet barnehage, Stavanger
Mange av avdelingane er inspirerte av Reggio Emilia-filosofien, som seier at pedagogane skal leggje til rette for at barnet kan fordjupe seg i eigne interesser. Barnehagen satsar også på kunst og kultur og har blant anna tilsett atelieristar for å stimulere til å skape med form og farge.

Tips :
Prøv å ha mindre grupper med born i formgjeving.
Bruk det barnehagen har tilgjengeleg, i staden for å kjøpe dyrt materiell.
Berre fantasien set grenser.
Still undrande spørsmål undervegs i prosessen. Kva kan me til dømes gjere med ein gamal og slitt stol?
Skap enkle, men magiske stunder.
Inspirer personalet til å bli meir kreative.
Besøk andre barnehagar for å sjå kva dei har fått til.
(Kjelde: Erna Abotnes og Ellen Andersen i Bekketunet barnehage)

Rim og regler frå Ellen Andersen:

Jeg kan løfte et hus
Jeg kan stoppe et tog
Jeg kan plystre
på atten forskjellige språk.

———————

Sukkerungen plukker opp
sukker av en sukkerkopp.
Sukkerungen ler og klukker.
Tungen drukner seg i sukker.
Til hans sukkertørst er slukket,
da er også buksen sprukket.

—————————-

Kjekk kar,
kommer og går
med fyrstikklegger
og korkelår,
med håndtak i ryggen
og rutete hår.

Lik Framtida.no på Facebook: