Under dyna heime hjå oss ligg to gutar. Den eine vert fem år til jul, og den andre er nett fylt ti. Regnet hamrar på taket. I det skrå skinet frå nattbordlampa ser vi kartet på innsida av permen i den nye boka. Vardetind, Glimmerhornet og Veslehammaren rammar inn Glimmerdalen med Gunnvald sin gard og Tonje sin gard. Sommarfjøsen og huset til Sally. Elva vert breiare ned mot Hagen helsecamping. Heilt nede ved fjorden ligg trygdebustadane, kaia og kiosken. Det er 11 km til Barkvika og 63 km til byen. No blar vi om og reiser til Glimmerdalen i lag.

Tonje Glimmerdal er det einaste barnet i Glimmerdalen. Bestevennen hennar er ein gammal staur som heiter Gunnvald. Han er 74 år og sauebonde. – Det er min santen eit sørgjeleg utval vi har her i Glimmerdalen, tenkjer Tonje i sine tunge stunder. Men inst inne veit Tonje at Gunnvald hadde vore bestevennen hennar om det så budde ti år gamle barn på kvar einaste tue i heile dalen. – Kva skulle du gjort utan meg, Gunnvald?, spør Tonje ofte. – Då hadde eg grave med ned og sjølvdauda, svarar han.

I den nye boka til Maria Parr er ramma for forteljinga det som hender i Glimmerdalen frå vinterferien til påskeferien dette året då Tonje snart skal fylle ti år. Det skal testast heimesmidde rattkjelkar, takast salto frå Vardetinden, lamma skal komme, og Gladiator må flyttast opp i sommarfjøsen. Her trengst det fart og sjølvtillit! Men det skal også komme eit brev om noko hemmeleg, noko stort som trugar med å øydeleggje det gode livet i Glimmerdalen for alltid. Om det ikkje var for Glimmerdalens vesle dunder. – Det er heimar og venner og pappaer og mammaer og felespeling og fjella og elva og havet som stig som er viktig, seier Tonje.
Det er så mykje godt å seie om denne forteljinga. Spennande og morosam. Ei herleg høgtlesingsbok. Tidlaus og klassisk. I fin dialog med andre tøffe jenter i barnelitteraturen, som Heidi i Alpane og Pippi i Ville Villekula. Men kanskje er det viktigast at den også er alvorleg. Personane har sterke og svake sider. – Vaksne gjer mykje dumt, Tonje, det skulle vel eg vite, her eg sit og er full på ein tysdag føremiddag, seier gamle Nils nede på trygdebustadane. – Men det er ein viktig ting: Nils bankar fingeren ned i kneet på Tonje då han seier det, som om han vil stemple orda inn i henne: Det – er – aldri – barna – sin – feil!
– Det er ikkje lov å ta motet frå ungane, seier Maria Parr. – Det er alltid håp.

Maria Parr
Illustrert av Åshild Irgens
Samlaget 2009

Lenk til opplesing av forfattar: http://www.youtube.com/watch?v=Iff2bk8FUsA&feature=player_embedded

Lik Framtida.no på Facebook: