– Det er svært varierande korleis barnehagen nyttar seg av sine digitale verktøy, seier rådgjevar i Medietilsynet, Barbro Hardersen. Medan bruken for nokre er tilfeldig eller prega av bekymring, har andre ein reflektert bruk, og digitale verktøy er godt integrert i det pedagogiske arbeidet.

Med bakgrunn i eit pilotprosjekt med formål å teikne opp eit bilete av kva mediekompetanse barn har, er Medietilsynet for tida i gang med eit oppfølgingsprosjekt, der målet er å finna ut korleis barnehagen, på eigne premissar, kan ta i bruk digitale verktøy.

I Kvalitetsmeldinga ser departementet på digital kompetanse som ein sentral del av opplæringa på alle nivå. Rapporten Barnehagens digitale tilstand (Bølgan 2009) viste at personalet meiner dei har for låg kompetanse, og heile 85 prosent ynskjer opplæring i korleis dei skal bruka digitale verktøy i sitt pedagogiske arbeid.

Kjenner barnehagebarn i dag til digitale verktøy? På kva måte??

– Dei fleste barnehagebarn kjenner til digitale verktøy (DV) før dei byrjar i barnehagen, av di dette er ein naturleg del av heimen og samfunnet i dag. På same tid kjenner mange barn til digitale verktøy i barnehagen som kamera, skannarar, fargeskrivarar og berbare eller stasjonære datamaskinar.

Kva har det å seia for barn at dei vert kjende med digitale verktøy i barnehagen??

– Born med nettvett vil lettare kunne handtera ubehagelege opplevingar knytte til bruk av digitale medium seinare i livet på ein god måte.
Hardersen understrekar at barnehagen er ein del av utdanningssystemet, og at barnehagen i det moderne kunnskaps- og informasjonssamfunnet kan tilby DV som ei kjelde til leik, kommunikasjon og innhenting av kunnskap utan at dette går ut over meir tradisjonelle aktivitetar.
I tillegg til å vera med på å støtta opp og utvikla arbeidet med fagområde, som til dømes språk og teknikk, er barnehagar der DV er ein naturleg del av kvardagen, med på å gje borna ein god start på mediebruk. Dette gir også høve til å utjamna sosiale og digitale skilje, samstundes som reflektert bruk i barnehagen vil vera med på å skapa gode og medvitne mediebrukarar, avsluttar Hardersen.

Lik Framtida.no på Facebook: