Kva er det eigentleg å vere forelska? Er det å falle pladask ned på nokon? Eller er det når ein er sprutraud i fjeset? Er det berre noko prinsar og prinsesser er? Og kan ein ikkje brenne seg på forelskinga? Er ikkje det ein brann?

Det er mange spørsmål som dukkar opp når ein prøver å finne ut av kva forelsking eigentleg er. Det er det også hjå Simone, Olav og dei andre barna i barnehagen som me møter i boka Forelsking av forfattar og illustratør Rébecca Dautremer.

Og det er undringa som driv handlinga i boka framover. Olav plagar Simone i barnehagen, og dei vaksne lurer på om det ikkje kan bety at han er forelska i Simone? I barnehagen blir det mange frodige og gode dialogar om kva det betyr å vere forelska, og om kven som forelskar seg.

– Forelska, det er å sitje inni tankane og drøyme, sa Vesle-Thomas.

Illustrasjonane i boka er varme, sterke og fargerike. Og det absolutte høgdepunktet. Det gjer ingenting at tekstlinene er få og små, det gjer berre at teikningane får eit endå større handlingsrom. Dette er ei bok som er god å bla i, peike i og undre seg i.

Likevel kan ein som lesar ynskje seg ei sterkare historie. Dautremer er god til å ta borna på alvor med sine tankar og assosiasjonar. Og teksten treng ikkje vere framtredande eller lang i ei slik bok, men historia skrik likevel etter noko anna og noko meir på slutten, der Olav kjem attende og er like plagsam mot Simone, og alt er som før. Etter all denne undringa blei kanskje slutten litt enkel.

Av: Rébecca Dautremer
Omsett av Tove Bakke

Lik Framtida.no på Facebook: