– Viss du seier ja til alt, endar du opp i magen på ei krokodille, smiler Kari Stai. Boka hennar om Jakob og Neikob har fått mange utmerkingar og ligg på utlånstoppen i barnehyllene på biblioteket. No kjem endeleg ei ny bok. Ei bok om blod!

Blodrik og Blodfabrikken er ei forteljing om oppfinnarevne og skaparkraft, fortel forfattaren. – Vi manglar noko, det må vi lage, vi kan gjere det sånn! Kari Stai skriv og illustrerer sjølv. – Bileta kan sjå ut som kollasj, men er eigentleg teikningar utan strekar, fortel ho og forklarar korleis ho tek vekk strekane fordi ho vil ha illustrasjonar med fokus på form.   
Blodrik er proppfull av blod. Han har ein eksplosiv blodtype og må tappe blod kvar dag for ikkje å sprekke. Da er det godt å ha den tørste Myggen som venn. Blodet bruker dei i Blodfabrikken. Der lagar dei alt mogeleg som er veldig raudt, som chiliketsjup, neglelakk, julepynt – og jukseblod.  
Ein dag står triste Vanda i døra og spør om dei kan lage eit nytt hjarte til hunden hennar, Ruth, som ho saknar så grueleg. Det gamle hjartet har slutta å verke. Dei legg ein plan. Men planen går ikkje heilt som han skal. – Ting blir ofte annleis enn vi har tenkt, men oftast er det bra, seier forfattaren lurt.  

Bøkene til Kari Stai opnar for filosofiske samtalar der ein kan undre seg saman. – Eg vil ikkje bruke ord som ”livet” og ”døden”, seier ho. Men forteljinga om Blodrik er på mange måtar vertikal, den strekker seg mot skyene. I boka om Jakob og Neikob er handlinga meir horisontal og jordisk – dei held seg på bakken, fer ut i verda, men kjem heim att.

Temaet i Jakob og Neikob er rett og slett grensesetting. Som foreldre og gode vaksne er dette ei dagleg utfordring. Men vi må ikkje gløyme å lære borna å sette grenser kring seg sjølve. Det er viktig å lære seg å seie nei på ein god måte. På eit godt språk. Om ein alltid svarar ja, blir ein krokodillemat, avsluttar ho. 

Jakob og Neikob er no blitt animasjonsfilm. Set småtrolla framfor datamaskina og snurr film:
Les Pirion si melding av boka Jakob og Neikob

 

 

 altJanne Karin Støylen er litteraturmedarbeidar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. www.nynorsksenteret.no

 

Oppdatert: laurdag 15. september 2018 17.17

Lik Framtida.no på Facebook: