Frosken og fulgelsongen

I bøkene Frosken og fuglesongen og Frosken og den vide verda fylgjer me den morosame og undrande frosken og vennene hans. Max Velthuijs har til saman gitt ut 10 bøker om denne frosken der han med humor og innsikt skildrar små og store opplevingar i livet, både for froskar og menneske.

I Frosken og fuglesongen finn frosken og grisen ein svarttrost som ligg heilt i ro på marka. Det er ikkje godt å vite kva som har hendt med trosten. Kanskje han søv, trur grisen. Anda meiner han sikkert er sjuk, medan haren slår fast at han er død. Dermed får frosken noko å undre seg over. For det er vel slik at alle døyr? I alle fall når ein blir gamal, sant?
I Frosken og den vide verda skal rotta ut i verda for å sjå seg om, noko frosken sjølvsagt vil vere med på. Sjølv om rotta meiner frosken er litt liten for ein slik tur får han vere med. Men etter ein strevsam tur byrjar frosken på lengte heim.
Velthuis klarer å ta opp både morosame og alvorlege tema på ein naturleg måte. Mange av barna kjenner kjensla av å lengte heim igjen og mange har undra seg over dette med liv og død. Historiene er også presenterte på ein god måte med klåre og naturtru teikningar. Bøkene passar godt som høgtlesing for dei minste i barnehagen, men mange av temane er like aktuelle for dei som er litt større.

Frosken og fuglesongen
Frosken og den vide verda Av: Max velthuijs
Omsett til norsk av Ragnar Hovland
Samlaget 2010

Lik Framtida.no på Facebook: