Prosjektgruppa for språkprosjektet ”Språkmiljø og språkstimulering i barnehagen” på Stord rår til at det vert utarbeida ein felles språkplan for barnehage og skule skriv lnk.no.

Fagleg rådgjevar for språkprosjektet som vart gjort i perioden frå 2008 til 2010, Atle Bjørn Mæhle, skriv i ein artikkel på utdanning.no at ein i prosjektet har erfart at systematisk, gjennomtenkt og kunnskapsbasert arbeid med språket er nyttig og viktig for barna. Språkleg står barna betre rusta når dei startar i skulen. Det gjeld både dugleik i å bruka språket og det gjeld ordforrådet. Samarbeid mellom barnehage og skule i overgangen mellom barnehage og skule vert viktig. Prosjektet rår til at kommunen arbeider ut ein plan for systematisk arbeid med språk, språkmiljø og språkstimulering i barnehage og skule.

I referansegruppa var mellom anna Nils Tore Økland, Høgskulen Stord/Haugesund, Elin Sletten, PP-tenesta Stord/Fitjar og Bjørnar Withbro, Stord Folkebibliotek.

I prosjektet deltok fem barnehagar og prosjektet gav deltakarane kunnskapar om språk, språkutvikling og språkarbeid. Barnehagane gjennomførte tiltak i praksis og gjorde erfaringar som er i tråd med grunnleggjande språkteori når ein ynskjer å få til eit utviklande og godt språkmiljø, skriv Mæhle. I forprosjektet valde kvar av dei fem prosjektbarnehagane ut punkt frå plakaten "Språkutvikling i barnehagen. Kjenneteikn på kvalitet" som dei tykte var interessant å arbeida spesielt med. Dei skaffa seg kunnskapar om det dei hadde valt, prøvde ut, utvikla og fann ut kva som fungerte godt.

Prosjektet har utarbeidd informasjonsfaldaren "Korleis stimulera til god språkutvikling hos barn". I faldaren får føresette tips og idear om kva dei bør passa på og kva dei kan gjera for å gje barnet ei god språkutvikling.

Les meir om prosjektet på utdanning.no

Lik Framtida.no på Facebook: