Førsteamanuensis Anita Gjermestad vil henta meir inspirasjon i estestiske og sosiokulturelle perspektiv for å betra samspelet mellom born med djup utviklingshemming og nærpersonane deira i barnehage og skule, skriv forskning.no

Anita Gjermestad, som i dag er førsteamanuensis ved Diakonhjemmet Høgskole i Sandnes, har i si doktorgradoppgåve undersøkt korleis det tosidige samspelet mellom born med djup utviklingshemming og nærpersonane deira i barnehage og skule kan fortolkast. Ho konkluderer med at for at borna skal få rett oppfølging, må det nye forståingar til. I avhandlinga rettar ho kritikk mot tradisjonelle forståingar av læring i både spesialpedagogikken og vernepleiefaget

Gjermestad har studert kva mønster som kjem til syne, og korleis samspelet blir skildra og fortolka av nærpersonane til borna.

I doktorgradsarbeidet filma ho kvardagen til fem born med kvar sin nærperson på skulen eller i barnehagen over ein halvårsperiode. Eitt barn i barnehage, to born i grunnskulen og to born i vidaregåande skule. Borna som deltok i undersøkinga, har djupe utviklingshemmingar. Dei har store hjelpebehov, og dei har utfordringar med språk, helse og rørsle.

Etterpå gjekk ho gjennom videoopptaka saman med dei same nærpersonane for å få deira betraktningar om konkrete samspelsituasjonar.

– I det tradisjonelle læringsperspektivet, der alt skal målast og vegast, er det ikkje nok rom for individuelle opplevingar og forståingar og for individuell sensitivitet.

Les heile saka på forskning.no

Lik Framtida.no på Facebook: