I den tredje boka om Garmann handlar det om forelsking, å utforske verda og kvarandre, men kanskje mest av alt om å få gjere ting utan andres blikk på seg.

Garmann og Johanne er venner. Tvillingsystera til Johanne, Hanne, er og ein del av bildet, men Garmann er ikkje heilt trygg på Hanne. Når han og Johanne finn det som kan vere restane av ein romkapsel i skogen, har dei funne sin eigen oase for sommaren. I denne oasen blir det rom for tankar og kjensler som er så store og nærverande at ikkje ein gong verdsrommet har svar. Utanomverda lukkar seg ute for desse to ungane, og dei utforskar kvarandre gjennom spørsmål som handlar om tid og rom. Garmann og Johanne får dessutan erfare at det er andre som har hemmeligheiter, ikkje berre dei to.

Bilda i Stian Hole sine bøker om Garmann tar mykje plass, på ein god måte. Dei lar meg som lesar få vere til stades i forteljinga, først og fremst fordi dei er så fotografiske. Detaljrikdommen er og ei gåve for lesaren som har tid til å sjå godt etter.

Ein får beint fram gåsehud av å sitje på ei grein i skogen saman med Garmann og Johanne sommaren igjennom.

Sjå utdrag frå boka her.

Tekst og illustrasjon:
Stian Hole
Cappelen Damm 2010

Lik Framtida.no på Facebook: