På scena står damer med raude kinn og raude kapper. Publikummarane har òg fått kapper på. Nesten alt er raudt. Det er fordi Blodrik har kome på besøk.

Scena er tribunen på Ivar Aasen-tunet, publikummarane er barn og vaksne frå barnehagane rundt om, og Blodrik – det er Kari Stais nyaste figur.

Kari Stai er forfattaren og illustratøren som laga boka om Jakob og Neikob, ei biletbok som no er seld til seks land. Blodrik og blodfabrikken er nyss utkomen i Noreg.

– Blodrik har eit stort hjarteforma hovud og ein kropp sprekkfull av blod, forklarar Kari Stai til gjestene sine medan ho skisser opp enkle strekar på ei tavle. – Blodrik må tappe blod på blodfabrikken kvar dag, elles sprekk han, seier ho, medan resten av galleriet blir til: Myggen med hjarteforma vengjer og Vanda som ser ut som ei tåre. Desse tre får i oppgåve å gi hjarta tilbake til hunden til Vanja som no bur oppe i skyene.

– Denne boka handlar om vennskap og idérikdom, forklarar Kari Stai.

Figurane til Kari Stai byrjar som ein eigenskap. Blodrik skulle vere full av blod, og han skulle vere hjelpsam. Rundt dette byrja ho spinne ei historie ho ikkje alltid visste slutten på, forklarar ho.

– Korleis er Blodrik og blodfabrikken annleis enn Jakob og Neikob?

– Historia om Blodrik er ei meir omfattande historie, og ho er dristigare i bildespråket. Eg rører òg ved meir abstrakte ting i Blodrik. Døden. Mystikk.

Ho nøler når ho snakkar om døden. Forklarar at det var greitt å vere litt utydeleg i historia rundt Vanja sin døde hund.

– Det er store spørsmål som krev store svar. Eg har ikkje alle desse svara.

– Du skriv om blod. Det er litt dramatisk?

– Eg var litt i tvil om det å skrive om blod. Kunne det bli skummelt? Men eg trur barn er fordomsfrie, så det går fint.

Det er i det heile større fridom og rom for fantasi i barnelitteraturen, meiner ho. Og slik må det vere.

– Som lesar forventar eg meir realitet i vaksenlitteraturen.

Stai bruker gjennomgåande enkle strekar og store, reine fargeflater i bøkene sine. Fargane er litt falma, på ein nostalgisk 70-talsmåte, som ho uttrykkjer det. ?- Eg har hatt eit mål om å ha eit universelt uttrykk, grunnleggande i form og farge. Eg likar at det er så sparsamt. ?Det kjem vél med når bøkene skal ut på ein utanlandsk marknad. Kvart land har ofte eit stadtypisk preg på illustrasjonane sine, noko som kan gjere det vanskeleg å selje biletbøker i utlandet.

– Kva er viktigast i ei biletbok, tekst eller bilete?

– Bileta er like viktige som teksten. Det er veldig bra viss bileta kan seie noko anna, noko meir enn teksten gjer.

Jakob og Neikob var den første boka Kari Stai laga både tekst og bilete til. Tidlegare har ho illustrert andre sine bøker. Kva likar ho best??- Det kjennest tryggare å gjere heile boka sjølv. Då øydelegg eg berre for meg sjølv, på ein måte.

Korleis er det å møte barna du skriv for?

– Barn er naturlege og ærlege kritikarar. Dei går meir rett inn i handlinga, utan å hefte seg ved ramma rundt eller historia før og etter. Som forfattar lærer eg meir av sjå verknaden boka har på lesarane, enn av å analysere stoffet og skrivesituasjonen på førehand.

Stai seier ho har stor respekt for den rolla ho har som berar og formidlar av idear. Det er trygt og godt å sitje på arbeidsrommet saman med ein forleggjar og lage boka. I møte med lesaren, ansikt til ansikt, må ein sjå sitt eige arbeid i kvitauga.

– Då må eg stå for det eg har skapt. Det er viktig.

– Kjem det fleire bøker frå deg?

– Ja, eg skal lage peikebøker for Samlaget. Bøker utan tekst, det blir noko heilt nytt. 

Lik Framtida.no på Facebook: