Korleis møter vi barn som er i sorg? Hjelper det å lese bøker og synge songar?

Scene: Midt i ferien skjer ei tragisk ulukke som rører ved eit heilt lokalsamfunn. Nokre veker etter ei vond gravferd skal ein søskenflokk møte kvardagen i skule og barnehage. Korleis handterer barnehagen det?

– Når barna møtte oss, var det allereie gått ein månad sidan dei mista forelderen sin. Den månaden gav personalet tid til å førebu seg, fortel Kari, som var styrar i barnehagen og rektor på skulen på den tida.
Dagane rett etter ulukka og gravferda var det kommunen si krisegruppe som følgde opp barna.

– Sidan møttest krisegruppa og kommunen si tverrfaglege gruppe, som omfatta administrasjonen i barnehagen, helsesøster, PPT og ein koordinator, for å sjå på korleis barnehagen og skulen best kunne møte dei pårørande og barna, fortel Kari.

Ein slik situasjon hadde dei aldri vore i før, og det blei mange møte. Fruktbare møte, seier ho og peiker på kor viktig det var å kome saman på tvers av faggrupper for å drøfte, gje råd og dele kompetanse. Barnehagen og skulen hadde òg utarbeidd ein sorgperm som var til god hjelp i denne tida. I permen hadde dei samla alt frå praktiske tips til personlege erfaringar kring sorg og tap.

Biletbok om kreft

– For personalet i barnehagen, som skulle møte det yngste barnet som var i sorg, vart det viktig å førebu seg godt. Vi valde mellom anna å bruke boka Da pappen til Johanne hadde kreft som kjelde for dei vaksne.

Boka er skriven av Svein Kåre Handeland og er ei biletbok som fortel korleis det er for ein toåring å leve med ein far som har kreft.

– Vi var sjølvsagt i ein anna situasjon enn dei i boka, men likevel kunne vi finne mange svar, seier Kari. – Kva seier vi til ungane? Kva seier vi ikkje?

For barnehagen vart det viktig å ikkje dramatisere situasjonen meir enn naudsynt. Ei enkel markering ved barnehage- og skulestart for å vise dei råka og dei andre barna at ein såg dei og var klar over kor vond situasjonen var.
– Vi valde ei kort markering, for så å gå vidare. Det skal vere greitt å gå i barnehagen.

No, nokre barnehageår seinare, meiner Kari at dei møtte barna på ein god måte. Men ho legg ikkje skjul på at den månaden dei fekk til å førebu seg før dei møtte barna, gav dei eit verdifullt pusterom.
– Hadde situasjonen vore meir akutt, måtte vi valt andre framgangsmåtar, meiner ho.

Lagde minnebok

Psykologane Inger Tidemann Bjelland og Ellen Marie Sivertsen Janse Van Vuuren har òg nyttige erfaringar å dele, frå arbeidet med ei sorggruppe for barn. Denne gruppa møttest utanfor skule og barnehage, barna var i alderen 7 til 12 år og hadde det til felles at dei hadde mista ein som stod dei nær.

Møta deira hadde rom for både refleksjon og praktisk arbeid. Her kunne barna snakke saman om korleis dei hadde det no, om ulike tema styrte av dei vaksne, og dei kunne småsnakke fritt i pausar og medan dei arbeidde. Kvart barn skulle i tillegg lage ei bok om den dei hadde mista. Boka inneheldt teikningar og skriveri, og i dette arbeidet fekk barna sin kunstnariske kreativitet rom til å bløme, fortel Bjelland og Janse Van Vuuren.

I tillegg til kreativiteten til kvart einskilt barn vart òg barna si evne til positive kjensler, latter og fjolling viktige element i gruppearbeidet. Dette kunne vere utfordrande for dei vaksne, men for barna og gruppa samla såg det ut til at latteren var ein avgjerande faktor for at barna treivst i gruppa.

 

Song frå Blåfjell

I sorggruppa til psykologane bestemte ungane seg for å synge kvar gong dei møttest. Det var ei naturleg uttrykksform for barna.

Song og musikk kan ha ein forløysande effekt på kjenslene våre, fortel musikkvitar Hallgjerd Aksnes ved Institutt for musikkvitskap i Oslo. I tillegg til at musikken lærer barn glede, gruppetilhøyrsle, lytting og rytme, kan han også lære dei å spele på sitte eige kjensleregister, seier ho. Musikken kjem dessutan til oss tidlegare enn orda.

– Viss vi ser for oss at vi ikkje lever i bestemte aldersgrupper, men i domene av erfaring som oppstår i ulike aldrar og utviklingstrinn, så er det siste domenet vi erobrar, det språklege. Barn er mindre språkdominerte og meir bilete- og fantasistyrte. Spedbarn forstår ikkje orda til mor, far eller den som har omsorg. Men dei forstår rytme og klang og har ein musikalsk form for kommunikasjon med oss.

I eit slikt bilete kan ein sjå for seg at musikk kan ha ein viktig funksjon for barn i sorg, seier Aksnes og viser til ei historie frå eit foredrag av doktorgradsstipendiat Ingeborg Lunde Vestad1. Historia fortel om eit barn som mistar ein omsorgsperson. Den vaksne døyr ikkje, ho forsvinn, og ingen veit kor ho er. Barnet, ei jente, er tilbakehalden med kjensler i denne tida, men saknet etter den vaksne er der.

Før den vaksne forsvann, var ho med klassen til barnet og øvde inn songen «Tussa danser» frå Jul i Blåfjell (NRK). Tussa er kona til Erke, den eldste i Blåfjell, og Tussa forsvann frå Blåfjell då ho ikkje rakk å kome seg inn i fjellet når den blå timen var omme. I «Tussa danser» syng barnebarnet Turte om korleis Tussa kjem tilbake til Erke i søvnen og bur inni hjarta hans og har han i hjarta sitt.

Skulen til barnet vel å synge denne songen første skuledagen etter at den vaksne forsvann, og for barnet blir det nåla som punkterer ballongen, som Lunde Vestad skriv. Songen blir ein sorg-forløysande faktor, både fordi han er melodiøs og verkar roande, men òg fordi han er så sterkt knytt til barnet sitt minne om den vaksne ho har mista.

Farvel, Rune

I 2006 markerte forfattar og redaktør Ragnfrid Trohaug 20-årsjubileet for ei heilt spesiell bok med å skrive artikkelen Når sorga får ord. Om årets viktigaste tjueåring. i Klassekampen, seinare publisert på bloggen hennar. Dette var månader før Trohaug vart ny barnebokredaktør i Det Norske Samlaget. Boka ho skreiv om, heiter Farvel, Rune og vart skriven av Marit Kaldhol i 1986.

I denne artikkelen fortel Trohaug om sine høgst personlege opplevingar kring det å miste nokon og å få ei bok i hendene som gir ho og ein veslebror ein knagg å henge sorga si på. Trohaug fortel korleis ho får denne boka av mora og les ho høgt for veslebroren, og korleis Farvel, Rune blir ei bok som treff dei i kjenslene deira og med deira språk.

– Med slike munnlege avtrykk i skrifta kjente vi oss heime i den fiktive handlinga som stod oss nær. Den vanlege veggen mellom fiksjonen og oss var vekk, denne gongen handla det ikkje om nokon andre, men om oss, seier Trohaug.

Det er dette som går att i artikkelen: Opplevinga av å ha ein tekst som fortel historia til den som er i sorg, nett slik ho er, utan omsveip. Farvel, Rune blir døra mellom dei sørgjande barna og sorga deira.

– Eg er ti år og glad for at orda framfor meg er som dei er; ikkje noko innpakking, forenkling eller bortforklaring. Ingen døde kaninar eller kanskje ser vi den døde igjen som skytsengel, seier Ragnfrid Trohaug.

– Det er ein letnad at boka ikkje forsøker å innbille meg noko anna. Sara kjem aldri til å sjå Rune igjen, det veit både boka og eg.

For ordens skuld: Styrar Kari i byrjinga av teksten heiter ikkje eigentleg Kari. Både ho og miljøet hennar er anonymisert, men handling i historia er verkeleg.

Boktips – om død, sorg og sakn, for barn og ungdom:

  • Farvel, Rune – Marit Kaldhol
  • Eg kan ikkje sove no – Lunde/Torseter
  • Eg er her – Bente Bratlund
  • Blodrik – Kari Stai
  • And, døden og tulipanen – Wolf Erlbruch
  • Kjære Timo – Elin Brodin
  • Alene på den andre siden – Katherine Paterson
  • Brødrene Løvehjerte – Astrid Lindgren
  • Jeg elsker deg – Hilde Hagerup
  • I et speil, i en gåte – Jostein Gaarder
  • Jeg savner deg, jeg savner deg – Peter Pohl
  • Farvel, herr Muffin – av Ulf Nilsson
  • Appelsinpiken – Jostein Gaarder
  • Sommerlandet – Eyvind Skeie
  • Englepels – Iben Sandemose
  • Roy – Gro Dahle og Svein Nyhus
  • Gule roser til pappa – Anne Kristin Aasmundtveit og Hilde Kramer
  • Da pappen til Johanne hadde kreft – Svein Kåre Handeland
  • Mor og far i himmelen – Alf Kjetil Walgermo
  • Når dinosaurer gråter – Sverre Henmo
  • Tror du pappa gråter? – Hilde Ringen Kommedal
  • Trollet Trym og den hemmelige farven – Linn Stokke
  • Barnet og treet – Anne Kristin Aasmundtveit
  • Skal det være sånn!? – Historien om Elvis av Peter Schössow
  • Gullkulen – Torhild Moen og Helge Bøe
  • Pappaen min bor i himmelen – Björg Thorhallsdottir
  • Pelle og de to hanskene – Kari Vinje og Vivian Zahl Olsen

Har du tips til gode songar, bøker eller kanskje teater som passar i sorgarbeid? Send ein e-post til pirion@norsk-plan.no, så legg vi det ut på www.pirion.no.

Lik Framtida.no på Facebook: