I boka Sov søtt, herr Spiss får me både historia om herr Spiss som leitar etter søvnen, og fakta om korleis menneske og dyr søv. Kvifor må me sove? Og kvifor drøymer me? Dette er ei raus og innbydande fagbiletbok for dei minste.

Erna Osland har skrive om dyr før, i samband med tema som mat, foreldre og vennskap. No er det altså søvn ho fokuserer på. Den leikne og lette historia om herr Spiss er skriven på vers, noko som gjer forteljinga både musikalsk og lett å hugse. Det er eit godt driv i teksten.

Og illustrasjonane til Belsvik er både varme, detaljrike og frodige. Dei gir historia ei god ramme og byggjer samstundes opp om handlinga. Både liten og stor vil ha stor glede av å lese om herr Spiss, som ikkje klarer å sove på grunn av halen. Han legg ut på ei eventyrferd for å finne søvnen. Her møter han både ein katt, ein hest, flaggermus, ender og ein torsk. Men ingen kan hjelpe han med å sove. Det kan han berre sjølv.

Faktadelen bak i boka er interessant og lærerik. Og sjølv om dei minste borna truleg treng ein del forklaring for å forstå korleis alle desse dyra søv og drøymer, vil det vere noko nytt i denne boka for dei fleste. Visste du til dømes at ei flaggermus kan sove opp mot 20 timar i døgnet?

Av Erna Osland

Illustrert av Inger Lise Belsvik

Mangschou 2010

 

Lik Framtida.no på Facebook: