Denne perla av ei bok byrjar ganske dramatisk. I løpet av natta har nemleg nokon skrive ordet «Idiot» med store, raude bokstavar på husveggen til Rikke og familien. Og det synest Rikke er ganske fælt. Mor og far tar det derimot med fatning.

Så så, seier far. Han ser berre så vidt opp frå avisa.

Det kunne vore verre, seier mor. – Det kunne ha stått eit ord på P.

Rikke vil ikkje la det bli med det, og saman med bestevenninna Lea byrjar ho å nøste i mysteriet. Kven kan ha gjort noko så slemt? Er det bonden som nett har måla løa si raud? Er det onkel Ole, som ikkje likar at far er fotballdommar? Eller jenta som skriv ord i sanden med hælen sin?

Arnfinn Kolerud har laga ei krimforteljinga for barn, som både er morosam og spennande. Lesarar av vaksenkrim veit at det kan vere ei stor utfordring å lukkast med båe deler, men det gjer altså Kolerud med denne boka. Humoren er skikkeleg god, ein kan kome til å både humre og le – mange gongar. I tillegg er det ganske spennande å vere med Rikke og finne ut av dette mysteriet, og Kolerud legg ut nokre utrulege agn for lesaren.

Best av alt: Løysinga er skikkeleg overraskande, slik mange krimelskarar likar det.

Jakta på Andy Anderssons Eftf. er ei Komet-bok, altså ei lettlesen bok med korte setningar, rikeleg med illustrasjonar og eit romsleg sideoppsett. Forlaget skildrar boka som eigna for barn mellom 8 og 10 år, men som andre meldarar har peika på: Ho har mykje å by både yngre og eldre barn.

Jakta på Andy Anderssons Eftf.
Av: Arnfinn Kolerud

Illustrert av Per Ragnar Møkleby

Det Norske Samlaget

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: