Ella og dei andre i andre klasse er sikre på at læraren deira blir pressa for pengar. Dei vil berre hjelpe han. Ella og dei andre er flinke til å få ei bitte lita fjær til å bli til eit fullstappa hønsehus med tusenvis av frittvandrande høner, til stor fortviling for læraren og udelt glede for alle andre.

Eit døme på ei slik utvikling eller forvrenging av fakta kjem her: Pekka kviskrar til Ella at ho må seie til læraren, som sit heilt i andre enden av stolrekkja på teateret, at han må tisse. Når dette då går innom Seppo, Hanna, Timo og Tiina før det når fram til læraren, får læraren høyre: ”Pekka vant Melodi Grand Prix!”

Boka er delt inn i tre delar: Ella og utpresseren, Ella på teater og Ella på klassetur. Det eine kapittelet toppar det andre, og det vrimlar av latterbrølvekkjande utsegn frå andreklassingane og fortvilte lærarar.

Eit slikt utsegn kjem frå Pekka til bussjåføren som køyrer klassen til symjehallen: ”Du ligner på den flodhesten i barne-tv”, med ei kjapp oppfølging frå Seppo: ”Nei, for flodhesten er ikke så feit.” Slikt synest vi det er morosamt å lese, men det er kanskje ikkje fullt så morosamt å vere læraren som har ansvar for Pekka og Seppo akkurat der og då.

Elles er juletablået eit høgdepunkt i boka. Alle som nokon gong skal prøve å setje opp ei framsyning i skulen, burde ha lese denne. Du kan sjølv tenkje deg det; alt som kan gå gale, går gale.

Ella og de andre er like mykje ei bok for vaksne som for barn. Spesielt trur eg folk som jobbar i skulen, vil kose seg med denne boka. Kanskje også nikke litt gjenkjennande og hovudristande innimellom.

Ella og de andre er den mest morosame boka eg har lese på lenge, og eg trur også eg kjem til å lese ho igjen. Og jammen trur eg at eg skal få tak i dei andre bøkene om Ella som kjem til Noreg frå Finland i tida framover. Små bøker som gjer livet litt lengre.

Ella og de andre

Av: Timo Parvela, omsett av Tor Tveite

Illustrasjonar: Ida Larmo

Mangschou forlag

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: