Om kvelden er søppeldunken smekkfull. Neste morgon er han tom og klar til å fyllast igjen. Kva hadde skjedd om ingen tømde søppeldunkane våre og køyrde søppelet vekk?

I biletboka Søppel møter vi Sigmund og Oskar, som køyrer søppelbil nummer 3. Vi blir med dei ein heil arbeidsdag, frå grytidleg morgon med kaffikoppen saman med dei andre mennene som køyrer søppelbil, til søppelbilen blir tømd på miljøstasjonen ved lunsjtider.

Handlinga i boka følgjer køyreruta til Sigmund og Oskar, og dermed blir ho lett driven framover. Innimellom kjem det fakta om søppel og kjeldesortering.

Boka er på mange måtar som ei faktabok å rekne, men ved at vi følgjer to søppelkøyrarar, blir boka ei forteljing. Og det er ei koseleg forteljing. Sigmund og Oskar blir framstilte som to joviale og hyggelege typar, som går til jobben med eit smil.

Illustrasjonane i boka er spennande og annleis. Annleis fordi forfattaren og illustratøren Max Estes har sett saman forskjellige kollasjar – mellom anna har han nytta ulike papirrestar, som delar av ein parkeringskvittering, tyggegummipapir og ein Fisherman´s Friend-pakke.

Illustrasjonane og den korte og enkle teksten passar fint saman, og bildeboka kan vere underhaldande og lærerik for barn frå treårsalderen. Kanskje kan boka nyttast i samband med at ein jobbar med kjeldesortering som tema i skule eller barnehage?

Søppel er den første barneboka amerikanaren Max Estes, som er busett i Oslo, har laga. Han har både skrive teksten og laga illustrasjonane.

Søppel

Av: Max Estes

Cappelen Damm 2010

 

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: