Eit trist dikt er overskrifta på vekediktet for barn på E-diktet denne veka. Diktet kjem rett i innboksen til alle som abonnerer på det, og det er det faktisk 3 000 stykke som gjer, fortel bibliotekkonsulent Mona Ekelend i Østfold fylkesbibliotek.

 

 

Den digitale dikttenesta har eksistert i tre år, og skular og barnehagar har abonnert trufast i desse åra. – E-diktet for barn rettar seg først og fremst mot barn mellom 3 og 7-8 år, fortel Ekelund. Dikta, som blir sende ut på e-post ein gong i veka, blir òg publiserte på nettstaden e-diktet.no, så kven som helst kan få dei med seg der. Arkivet viser at Terje Torkildsen, forfattaren av Eit trist dikt, ikkje er åleine om å vere representert. Her finn vi namn som Gro Dahle, Marit Kaldhol, Sylvelin Vatle og Arne Garvang. E-diktet legg vekt på å presentere dikt frå etablerte forfattarar og må kjøpe dikta for å få bruke dei. Midlar til å drive får dei av kulturrådet og nasjonalbiblioteket. Det er fylkesbiblioteka i Østfold, Vestfold og Buskerud som samarbeider om E-diktet, og nytt av året er ei tilsvarande teneste for vaksne.

Plass til fleire

– Vi har no 2000 abonnentar av vaksendikt i tillegg til barnedikta, og vi har dessutan 2 900 følgjarar på Facebook. Vi veit at det er folk frå heile landet som abonnerer hjå oss, seier Ekelund.

For å kunne utvide tilbodet ytterlegare vurderer dei no å innføre e-diktet på nye arenaer. Å få utvikla ein applikasjon for mobiltelefonar står øvst på ønskelista, men samstundes er det andre ønske som òg rangerer høgt:

– Vi har mange abonnentar, men vil gjerne ha fleire. Nettet set ingen grenser for kor mange abonnentar vi kan ha, så det er berre å fylle opp, seier Mona Ekelund.

E-diktet finn du på: http://www.e-diktet.no

Lik Framtida.no på Facebook: