Gjennom heftet Smålåten. Syng og sull for barnet ønskjer Marianne Klokset Aspås å styrkje den gode og naturlege kommunikasjonen mellom foreldra og det ufødde barnet.

– Eg har jobba med gravide og komande foreldre som kommunejordmor i Nesset kommune sidan 1990. – Eg har i lang tid tenkt på at eg hadde lyst til å lage eit songhefte, seier Aspås.

Jordmora har stundvis fletta songen inn i dei foreldreførebuande kursa ho held. Gjemnes mållag tende på ideen hennar om å samle songar og vers i eit eige hefte. Dette heftet kom ut i fjor. Målet er å få det spreidd gjennom kommunehelsestasjonar, men Aspås erfarer at ein del kommunar vegrar seg på grunn av økonomien. Førebels er det berre kommunane Nesset og Molde som gir songheftet til sine gravide: Molde gjennom støtte og initiativ frå lokale sanitetslag, medan Nesset kommune har kjøpt heftet og gir det til sine gravide. Heftet blir også distribuert gjennom Mållaget, og tilbakemeldingane er gode frå dei som har teke det i bruk, fortel Aspås.

Kjende og kjære vers, som «Alle killebukkane», «Ride, ride ranke» og «Kom skal vi klippe sauen” er sette saman med blyantteikningar av Bergljot Hals. Nokre få dikt og regler, i tillegg til eit føreord av Aspås, har også fått plass.

 – Heftet har noko gamaldags og rørande ved seg. Det har vore eit ønske å ta det veldig moderniserte livet ned på jorda. Det var også eit mål at heftet skulle vere lett og hendig å ta med seg, sluttar Aspås.

Lik Framtida.no på Facebook: