«Kan eg gå på is kan eg gå på vatn. Kan eg gå på vatn kan eg alt.» Ord som fyller og flyttar tankane. Som tryllar til du trur du kan klare alt. Slike ord finn du i den nye diktboka Sølvbåt og stjernevind. Ein gong trylla orda slik at dei fekk ei dame til å tru at ho kunne flyge!

Ho las desse dikta og tenkte: Visst eg hoppar no, så flyg eg! Høgt til vêrs! Korleis trur du det gjekk?

Eg blar i den påkosta diktantologien. Over hundre nye dikt for barn. Mange forfattarar. Fem illustratørar. To redaktørar. – Å setje i gang med eit så omfattande og ressurskrevjande prosjekt som dette er galskap, seier forlagsredaktør Anne-Stefi Teigland i Mangschou forlag. – Men utan galskap går ikkje verda framover. Vi stagnerer, stoppar opp. Så vi hoppa, utan nett, utan å sjå kvar vi ville lande. Desse dikta fekk oss til å tru at vi kunne flyge. Slik gode dikt kan.

– Vi må få borna inn i litteraturen frå dei er små, inn i språket, inn i si tid. Born må få lese tekstar frå si eiga tid, tekstar som er blitt til i samtida, smiler Anne-Stefi Teigland. Per Olav Kaldestad og Hanne Bramness, dei to redaktørane for boka, inviterte etablerte vaksenbok-lyrikarar til å skrive lyrikk for barn. Berre dei beste kom med. Alle kan ikkje like alt, men eg garanterer at alle vil finne noko dei likar. Og det vil endre seg. Neste år likar du noko anna. Dette er ei bok som veks med lesaren, om du er liten eller stor. God lyrikk for barn er god lyrikk for alle, seier Per Olav Kaldestad.

I forordet til boka skriv Per Olav Kaldestad og Hanne Bramness til lesaren og forklarer korleis ein kan vite kva eit dikt er. Korleis diktet kan flytte på tankane dine og bli til ein veg til ditt eige språk. Det er ein fin tekst til den vaksne formidlaren også. Så blar eg om og møter den første illustrasjonen. Blar vidare og forstår at illustrasjonane er systemet. Ikkje tema. Ikkje tekst. Det er teikningane som bestemmer. – Bileta er like viktige som orda, seier Anne-Stefi Teigland. – Dei fortel andre ting, fleire ting, dei opnar teksten og let deg dikte vidare. Boka er eit utstillingsvindauge for norsk illustrasjonskunst, avsluttar ho entusiastisk.

Korleis det gjekk? Den som diktar, får sjå! I mi forteljing landar ho mjukt og varmt i skyer av gode barnetankar som stig opp frå alle fang der det sit ein unge og drøymer, ler og undrar seg over alt det den vaksne les, og over bileta dei ser i lag. Og så går verda litt framover! 

Janne Karin Støylen er litteraturmedarbeidar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. www.nynorsksenteret.no

Lik Framtida.no på Facebook: