Den nynorske barnelitteraturfestivalen Falturiltu feirar femårsjubileum, medan Blåmann barnebokklubb kan feira 10 år som formidlar av nynorsk barnelitteratur.

Denne veka vil Falturiltufestivalen setja sitt preg på Stord i Sunnhordland. Forfattarbesøk, teateroppsetjingar, musikklunsj, fotballfest, kunstutstilling og konsertar er noko av det som står på programmet, som er mynta på både barn, ungdom og vaksne. Fredag 11. november rundar festivalen av med seminaret “Tøff i trynet – litteratur og leselyst for ungdom og festen Raltura på kvelden.

Barnelitteraturfestivalen vart opna på Stord Kulturhus søndag 6. november. Ingelin Røssland er festivalforfattar i år og ho opna med å lese frå boka “Monstertante”. Atle Hansen las “Han med eit hemmeleg namn” frå den nyutgjevne Trøysteboka frå Skald. Opningsfesten vart leia av Roald Kaldestad, han deltok også som blekksprut i den musikalsk forteljestunda om Knølkvalen Kai v/Heidi Marie Vestrheim og Roy Ole Førland.

Kvalitet i fokus

Blåmann barnebokklubb har formidla barnebøker på nynorsk i ti år, og vore med å motivera nye generasjonar av nynorskbrukarar. Bokklubben var dei fyrste åra eigd av Det Norske Samlaget, før Bokdykk tok over i desember i 2009. I dag held Bokdykk og Blåmann Barnebokklubb til i Florø. Redaktør Terje Hellesen skriv i ei pressemelding at Blåmann satsar på ein ujålete profil, kor formidling av kvalitet står i fokus.

Dette seier forfattar Maria Parr om Blåmann:

– Av og til møter eg folk som leitar og leitar etter nynorske barnebøker; for dei er så vanskelege å finne, seier dei. Då kan eg heldigvis fortelje om Blåmann.Tenk så bra at det finst ein liten bokklubb der alle dei gode nynorske barnebøkene er samla på ein stad. Det er bra, det!

Lik Framtida.no på Facebook: