Henrik And seier at han er ei heilt vanleg and, men det er han ikkje. Han er kanskje den tøffaste anda eg kjenner, og det seier ikkje lite.

 

Henrik And vil nemleg gjerne vera noko meir enn berre ei and! Alle dei andre dyra kan jo så mykje som ikkje ender kan? Samstundes er det no alltid nokre ulemper òg med å vera eit anna dyr, så Henrik finn heldigvis ut til slutt at han har lyst til å vera ei and likevel, og at det slett ikkje er så verst.

 

Henrik kom ut mellom to permar no i haust, på Samlaget si haustlansering. Der vart han i tillegg delt ut til alle som møtte opp, og grunnen til den æra er nok at Henrik har ein heilt eigen sjarm. Kven kan vel stå for Henrik mark som slår knute på seg, eller Henrik hund med hovudet ut bilvindauget, med tunge og øyre flaksande i vinden?

I dagens teknologilabyrint finst det mange måtar å laga flotte illustrasjonar til barnebøker på, men Henrik er skapt med blekk, saks og papir av ulike typar og fargar. Både Henrik og omgjevnadene er teikna og klypte ut, og limte saman lag på lag i flotte kollasjar.

Henrik kom til verda heime i stova til Anna Rommetveit Folkestad, debutant, med god hjelp av Adrian (7) og Eileen (4). Adrian og Eileen har vore med på skapingsprosessen, medan Noelle (8 md.) hadde som hovudoppgåve å sova mest mogleg medan mamma Anna gjorde bileta av Henrik ferdige.

Bileta av Henrik er ei fryd å sjå for både små og store. Dei har både ein direkte komikk som får slapstick-generasjonen til å slå opp latterdørene, og mange små detaljar som dei vaksne kan kosa seg med ved tiande eller femtande gjennomlesing. Hamster-Henrik, som kosar seg i bolet sitt med gnagartenner stikkande fram frå nebbet, har tydelegvis brukt dei til å gnaga fram små trefigurar av seg sjølv, til dømes. Og Flaggermus-Henrik, som heng opp ned utan å bli kvalm, har det morskaste flaggermusblikket ein kan tenkja seg, og sjølvsagt hoggtenner. Og når Flaggermus-Henrik kræsjar med eit tre og misser maten han har fanga, i vatnet, er maten alt fint pakka i matboks med namn på.

Ja, no har eg røpa både det eine og det andre, men framleis er det mange nydelege bilete og fiffige detaljar du kan oppdaga saman med små vener, igjen og igjen. Så ei heilt vanleg and er Henrik ikkje – men verd å møta, det er han. Sjå fram til mange gode lesestunder saman med Henrik And. To tomlar opp!

Besøk Henrik And si eiga Facebookside

Hege Myklebust er prosjektleiar for den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu

Lik Framtida.no på Facebook: