Kjenner du Berte og Iver? På barnesidene til Nynorsksenteret, www.berteogiver.no, kan barnehageborn og dei yngste elevane i barneskulen no utforska og leika saman med dei to nyfikne borna.

 

Det heile byrja eigenleg litt på slump. Som ein del av eit utviklingsprosjekt knytt til barnebokantologien Les for meg! skulle animatøren Martine Grande laga nokre animasjonar av figurar frå forteljinga Flekkmonsteret bygger harefelle. Nynorsksenteret skulle leggja ut desse animasjonane til bruk i barnehagar og skular, men då måtte me ha ei vevside der det kunne høva å ha dei, og den vevsida vart tilfeldigvis utforma som eit rom. Deretter kom ideen om eit rom til, utforma som eit kjøken, med ein radio med høyrespelet om Flekkmonsteret og eit kjøleskåp med kjøleskåpsmagnetbokstavar til leik med språket. Etter det kom det til ei stove med fjernsyn, der ein kunne sjå nynorske animasjonsfilmar som til dømes Kråkebollebilly og Jakob og Neikob. På eitt tidspunkt dukka figurane Berte og Iver opp, og me byrja utviklinga av eit leikerom og eit observatorium. Slik vart det som byrja som eit rom med små animasjonar, til eit heilt hus med spel, filmar og aktivitetar. Og dei som bur i huset og inviterer deg inn der, er Berte og Iver, som mange barnehagar kjenner frå heftet Berte og Iver og månen.

 

Tanken bak vevstaden, slik han har utvikla seg i arbeidsprosessen, er å laga nynorske sider der borna skal ha det kjekt medan dei utforskar språk, former, fargar og tal. I observatoriet kan borna leika med å finna ordpar som rimar, sjå ein animasjonsfilm med barneteikningar laga ut frå eit dikt, og teikna stjernebilete ved å dra strekar mellom bokstavar. I dataspelet Romkatten, der borna kan velja om dei vil spela som Berte eller Iver, løyser ein oppgåver ute i verdsrommet. Og på leikerommet bognar det av minnespel, puslespel, gåter, rebusar, bokstavleik og mykje anna.

Det har vore moro å vera involvert i arbeidet med å få på plass sidene, men det er endå meir moro å sjå korleis dei no vert tekne i bruk kring i landet. Kan henda kan du òg ha glede og nytte av www.berteogiver.no.

Arild Torvund Olsen er administrasjons- og kommunikasjonskonsulent på Nynorsksenteret

Lik Framtida.no på Facebook: