Dette tilsynelatande sjølvmotseiande spørsmålet er gjerne legitimt likevel, når ein ser på den (manglande) omtalen barnelitteraturen får både i media og i andre krinsar der litteratur blir omtala.

Då forfattar Aina Basso gav ut romanen Fange 59. Taterpige i 2010, vart ho presentert som debutant av avisene. Det vart ho, trass i at ho debuterte to år tidlegare, med boka Ingen må vite. Men det var jo ei ungdomsbok, må vita, og ungdomsbøker er liksom ikkje heilt skikkelege bøker. Barnebøker er endå mindre skikkelege, du kan gjerne skriva ein stabel av dei og likevel «debutera» om du ein gong skriv ei bok for vaksne.

Kva seier det om synet på barn og unge? Er ikkje dei ei lesargruppe som fortener kvalitet? Er det ikkje minst like viktig kva bøker dei unge les, som kva dei vaksne skal fortæra?

Det er heilt vanleg at barnelitteraturen liksom ikkje vert rekna med når det er tale om litteratur. Det viser seg i dei store litteraturprisane òg. Nordisk Råds litteraturpris er den mest prestisjetunge litteraturprisen i Norden, men prisen har aldri gått til ein barnebokforfattar på alle dei femti åra prisen har eksistert. Anniken Huitfeldt ønskjer ein eigen pris for barnebokforfattarar (Dagbladet 14.09.11) – men er det løysinga? Ragnfrid Trohaug og Nina Méd tok opp spørsmålet i ein kronikk i Dagbladet 24. august 2011. Der skriv dei: «Vårt ønske er verken flere eller færre litterære priser. Det vi etterlyser er at de barne- og ungdomslitterære forfatterne blir naturlig inkludert i det litterære fellesskap, og dermed seriøst vurderes av juryene til de store forlagsprisene. Det er på tide.»

At forfattarar av barnelitteratur ikkje blir nominerte til dei store prisane, er symptomatisk. Me merkar det på kroppen også i Falturiltu – verdas einaste nynorske barnebokfestival. År etter år greier me å samla eit topplag av norske forfattarar som gjev ut barnelitteratur på nynorsk. Festivalen er skipa nettopp med det målet for auga å løfta fram og gjera synleg den nynorske barnelitteraturen, men det er svært vanskeleg å nå gjennom i det offentlege rommet.

Lokalt haustar festivalen stor merksemd, men regionalt og nasjonalt er det bortimot uråd å oppnå omtale av dei mange og varierte programpostane på festivalen. Då Erna Osland var festivalforfattar under Falturiltu i 2010, var det eit stort intervju med henne i Bergens Tidende, over to heile sider. Oppdraget som festivaldiktar var ikkje nemnt med eitt ord, trass i at ho meinte ho hadde prata mykje om det.

Det var difor stor jubel under Falturiltu 2011, då VG same veka trykte ein glitrande omtale av, og trilla terningkast 6 for, den flotte barneboka Trøysteboka frå Skald forlag. Dessverre trur eg at det var eit enkelttilfelle, og at barnebokforfattarar må halda fram med å stå i skuggen av dei «vaksne» forfattarane endå ei stund. Men det er barnebokforfattarane som skal gje ungane våre leseglede og leselyst, som skal prega unge sinn med leseopplevingar som kanskje formar dei for livet. Så eg løftar mitt virtuelle glas og gjev kudos, som det heiter no, til alle dei dyktige barnebokforfattarane som fyller den viktige rolla trass i at dei sjeldan får den merksemda dei fortener.

Hege Myklebust er prosjektleiar for den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu

Lik Framtida.no på Facebook: