Barnehagane i Noreg fekk ny nasjonal rammeplan i 2006 (rammeplan for innhaldet og oppgåvene til barnehagen, RP). Nytt i denne utgåva var mellom anna vektlegginga av barnehagen som kulturarena.

Kultur som omgrep vert definert på denne måten (side 36): «Med kultur forstår vi her kunst og estetikk, felles åtferdsmønster, kunnskapar, verdiar, haldningar, erfaringar og uttrykksmåtar. Kultur handlar om arv og tradisjonar, om å skape og levandegjere, fornye og aktualisere. Kultur blir utvikla i spenninga mellom tradisjon og fornying. Både lokale og nasjonale kulturverdiar, slik dei speglar seg i oppvekstmiljøet til barna, må vere representerte i barnehageverksemda.» I denne delen av RP er også barnehagetilsette si rolle som kulturformidlarar understreka.

Kultur er som kjent, også i fylgje RP, eit mangfaldig omgrep. Tilsette i barnehagen kan hente mykje inspirasjon i RP, særleg under fagområdet Kunst, kultur og kreativitet. Mykje godt arbeid vert gjort i barnehagane, men mange saknar eit utfyllande tilbod som også rettar seg mot barn under skulealder.

I 2001 kom kultursatsinga for grunnskulen, den kulturelle skulesekken, DKS, inn på statsbudsjettet. DKS har etter kvart vorte eit godt innarbeidd tiltak som omfattar kulturell breidd, slik intensjonane var.

Fleire statlege styringsdokument innan kulturfeltet har nemnt ei tilsvarande ordning, som DKS, for barnehagane, men lite har skjedd frå statleg hald. Eit heiderleg unntak er opprettinga av Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (2007), som også femner barnehagar. NSKK delar mellom anna ut den nasjonale barnehageprisen for kunst og kultur årleg.

Det finst også fleire gode, lokale døme på organisering av eit breitt kunst- og kulturtilbod for førskulebarn, til dømes Bergen kommune sitt kunstformidlingsprosjekt Den kulturelle bæremeisen. Her møter det kunstfaglege det barnehagefaglege, og kunstnarar, barn og pedagogar arbeider saman i kreative prosessar.

Eit anna godt døme er Sølvtråden (Kongsberg kommune).Dette er denkulturelle skule- og barnehagesekken som omfattar alle kommunale og private barnehagar og skular i kommunen. Sølvtråden vert drifta av kulturetaten i kommunen i samarbeid med fleire lokale kulturinstitusjonar. Sølvtråden kan årleg tilby seks modular frå barna er 1 år. Modulane er forankra i dei seks elementa innanfor DKS: kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst, visuell kunst og film. Kongsberg kommune si kultursatsing på barn og unge har sterk lokal forankring.

Fleire barn enn nokon gong tidlegare har plass i barnehagen. Desse barna representerer eit mangfald; språkleg, kulturelt og sosialt. Barn har like stor glede og nytte som alle andre av eit mangfaldig kulturtilbod. For barna vert det særs viktig at kulturtiltaka inneber høg grad av eigen deltaking. Det vil også auke barnehagetilsette sitt medvit om rolla som kulturformidlarar.

Lokale og/eller regionale løysingar er avhengige av kommuneøkonomi og prioriteringar. For nokre kan Norsk kulturråd vere ein god økonomisk støttespelar.

Medan vi ventar på statleg økonomisk satsing på den kulturelle barnehagesekken, får vi syte for å «fylle sekken» lokalt og regionalt med gode kulturløysingar.

Torill Sperre er førskulelærar, fagleg rettleiar og kulturarbeidar.

Lik Framtida.no på Facebook: