I språkåret 2013 er eg så heldig at eg får samarbeide med ein gul- og turkisstripa katt. Tunkatten Lurivar er ein ordsamlar og ein luring, og han har eit stort språkleg medvit.

Slik sett liknar han på ungar i barnehagen. Dei er også opptatt av språket sitt og korleis det liknar eller skil seg frå anna språk. Dei arbeidar med språket sitt kvar dag, heile tida.

Bente Eriksen Hagtvet skriv i Språkstimulering. Tale og skrift i førskolealderen. (2004) at språkleg medvit er ein kritisk faktor for at barn skal lære seg å lese og skrive. Det tyder at barnehagane må ta dette språklege medvitet på alvor. Det forarbeidet som gjerast i barnehagane er avgjerande for dei skuleresultata vi ser seinare.

At Noreg er eit tospråkleg land er ein ressurs i ein slik samanheng. Alle barn i Noreg kan samanlikna og kontrastere dei to skriftspråka våre, og slik oppnå eit større språkleg medvit. Fordi dei har eit slikt samanlikningsgrunnlag kan dei lettare snakke om dei ulike formmessige og tydingsmessige nivåa i språket, og det gjer dei betre rusta til å lære.

Tunkatten Lurivar og eg har vore så heldige å få vere med på ein barnehageproduksjon der språkleiken er sentral. Initiativet kjem frå Nynorsk kultursentrum. Arbeidstittelen er «Oppdrag alfabet» og produksjonen skal stå ferdig i mai. Lurivar har sjølvsagt hovudrolla, mens eg får vere med å legge ord i munnen på han. Det skal bli ei interaktiv framsyning der ungane skal få leike seg med språket og lytte til språket på mange ulike måtar.

Lurivar og eg håpar at vi kan inspirere barnehagane til å leike med og ta i bruk språket, slik at ungane får oppleve orda i alle mulege samanhengar – ein språkleg leik for kvar rutine, ein samtale til kvar hending, i tillegg til haugevis med høgtlesing, songar og ordleikar.

Dei leikane Lurivar skal ha med seg er varierte, slik at alle sider ved språket blir snakka om – språklydar, stavingar, grammatikk, ordrekkjefølgje, tyding, tekstsamanheng og kontekst. Dei skal gi ungane konkrete sansingar og fysisk aktivitet, slik at det blir lettare å hugse og forstå. Kanskje viktigast av alt: Ungane skal oppleve språket som nyttig. Det er jo den praktiske verdien av språket som motiverer dei til å utvikle det vidare.

For at barn skal få lyst til å bruke språket, og lyst til å bli betre språkbrukarar, må dei vere i språkleg samspel med andre barn og vaksne. Dei må erfare at andre forstår kva dei seier. Da blir det både gøy og interessant å spørje, svare og fortelje.

Derfor snakkar Lurivar med ungane, ikkje berre til dei.

Petra J. Helgesen er partner med fagansvar for litteratur og kurs i Språkfolk.

Lenker:

Tunkatten Lurivar:

8 innspel for ei nynorsk språkstimulering i barnehagen:

 

Lik Framtida.no på Facebook: