No er Odd Nordstoga ute med ei ny og utvida utgåve av Songbok for deg og meg.

 

Musikar Odd Nordstoga har gjort eit breitt utval av songar til den nye versjonen av boka, som kom ut første gong i 2002. Boka er meint som ei samling av songskattar for born i alle aldrar, både i førskule og barneskule.

Her er eit godt utval av songar på nynorsk og dialekt, både dei gamle, gode norske songane, moderne viser og folkeviser, stev og stubbar, nyare songar og  songar til skjemt og høgtid.

Her er songar frå den tradisjonsrike, gamle songskatten frå Vinje, Garborg og Sivle, men også nyskrivne melodiar til både eldre og nyare, kjende og ukjende tekstar, skriv Samlaget på eigne nettsider.

Utanlandske songar er omsette, og ikkje minst inneheld boka fleire songar som har vorte store slagerar. Fleire av Nordstoga sine eigne populære songar er også med. Songane er illustrerte av Hilde Hodnefjeld og Inger Lise Belsvik. Dette er ei ny og utvida utgåve av Songbok for deg og meg, og også denne blir gjeven ut på Samlaget.

Lik Framtida.no på Facebook: