Gjennom leseaktivitetar møter barna eit språk som er rikare og meir variert enn kvardagsspråket. Å lesa bøker saman er ein verknadsfull – og verdifull – språkutviklande aktivitet.

 

I boka om Prinsesser og drakar les eg og Terne (5 år) om prinsesse Fresia som er kalla opp etter ein vakker blome, og likevel er ho erkesint.

– Kva betyr erkesint? spør Terne.

– Kva tenkjer du? spør eg.

Erke er kanskje ikkje eit ord du pleier å bruka, men du seier jo ofte kjempe– og super-.

– Er erkesint det same som kjempesint eller supersint?, spør Terne. Ho tenkjer litt på dette, og så seier ho: – Eg synest ikkje erke høyrest supert ut, men eg er einig i at det er litt sånn kjempe…

I denne vesle fortellinga ser me korleis det å møta nye ord i ei fortelling kan føra til refleksjonar og utprøvingar som gjer språket rikare. Språkstimulering er éin av fleire viktige grunnar til at me skal bruka god tid på å lesa saman med barn med ulik bakgrunn, med ulik leseerfaring og med ulik språkmeistring. Gjennom lesinga møter barna gode mønster for språkbruk både i den vaksne si formidling av fortellinga i boka, og ikkje minst i samtalar rundt lesinga.

Dessutan gjev lesinga tilgang til felles opplevingar og referanserammer, og gode lesestunder er dermed ei kjelde til både leik, undring og læring.

www.lesesenteret.no finn de filmar og korte tekstar som handlar om kvifor det er så viktig å lesa saman med barna, kva bøker som er fine å lesa saman og korleis de kan leggja til rette for gode lesestunder.

Lik Framtida.no på Facebook: