Fleirtalet av barnehagane syng mest på bokmål. Her får du hjelp til finna dei gode julesongane på nynorsk.
mm

Tre av fire barnehagar i nynorskområde syng ein eller fleire songar på bokmål i løpet av ein vanleg dag. Knapt tre av fem barnehagar syng minst éin song på nynorsk kvar dag.

Det viser ei spørjeundersøking blant barnehagane i nynorskområde.

På spørsmål om kva som skal til for at barnehagane skal bruka meir nynorsk, svarar flesteparten av styrarane i barnehagane at bevisstgjering og tilgang til materiell er det viktigaste.

Her får du ei oversikt over kvar du kan finna dei gode julesongane på nynorsk:

NETTSTADER:

Santa Lucia er gjendikta til nynorsk av Ingvar Moe. Les teksten her eller sjå notar og komp på Tunkatten.no!

På Tunkatten.no kan du finne fleire songar om jul og advent her!

På Pirion.no har me samla nokre eldre julesongar her!

STRØYMING PÅ SPOTIFY:

Nynorsksenteret har laga spelelister med nynorske julesongar i Spotify og Tidal.

Her kan du høyra nye julesongar på nynorsk frå desiBelle

Og her kan du høyra dei nye songane frå Naboen min.

SONGBØKER
Song for deg og meg

Songskattar, viser og populære songar på nynorsk og dialekt. Av Odd Nordstoga (red.), Samlaget 2014

 

Syng sjøl
114 nynorske barnesongar. Nokre av songane finst òg samla på ein CD. Av Geirmund Johnsen (red.), Selja Forlag 2004

 

Julesongar
Boka er i god, gammaldags stil eit hefte til å ha i neven når ein går rundt juletreet og med hol slik at det kan hengast på juletreet – praktisk, dekorativt, og med ein god dose nostalgi.

Og sjølvsagt salmeboka.

– Viktig å syngja nynorsk
Hege Myklebust (bildet), høgskulelektor og stipendiat ved Høgskolen Stord/Haugesund, er samd i at det er trong for meir medvit om kva språk ein syng på.

– Det finst ganske mykje materiell, men det krev meir av personalet å finna det fram.

Ho oppmodar barnehagane til å laga planar for korleis ein kan få bruka meir nynorsk i barnehagane.

– Det er ikkje sikkert at dei som jobbar i barnehagane tenkjer over kor viktige dei språklege aktivitetane i barnehagane er for skriftspråkopplæringa som borna skal ha seinare, avsluttar høgskulelektoren.

Oppdatert: onsdag 11. desember 2019 10.49

Lik Framtida.no på Facebook: