mm

Ulrika Bergroth-Plur er dagleg leiar i Musikk i skolen og kjem med åtte tips til å styrkja songen sin plass i skulen.

 

1) Bevisstgjering og eigarskap: Bruk litt tid på å snakka om song i fellestida. Legg vekt på det morosame og trivselsskapande ved å synga meir, eller songar som betyr noko for den enkelte lærer. Ha fokus på at elevane skal synga, aller helst saman med dei vaksne – og at song har ein naturleg plass i skuledagen.

2) Skape fellesrepertoar: Samle eige repertoaret til skulen i ei digital mappe som alle tilsette lett kan finna fram til eller til ei fysisk mappe på lærarrommet. Ta utgangspunkt i songar som er knytt opp mot årshjulet til skulen, mot dei ulike faga, eller kanskje temasatsingar som skulen har. Det viktigaste er at repertoaret er levande (les: i bruk) og er felleseige! Hugs at ein kan og bør variera songen slik at noko song kanskje skjer til komp (lydfiler), men at borna òg skal få høve til å synga heilt enkelt, spontant og utan organisert bakgrunnskomp. Det er viktig at både dei tilsette og borna får vera med og definera repertoaret til skulen.

3) Planlegg songen: Planlegg songar inn i trinnet sitt/klassen si vekeplan, slik at det vert ein rutine for dette.

4) Samla skulen til songsamlingar: Jobb saman mot regelmessige fellessamlingar med song, og/eller mot ei spesiell songsamling som skapar stoltheit og som alle kan gleda seg til, til dømes Skolenes sangdag

5) Skulekor: Start eit skulekor! Eller gje høve til spesielt interesserte elevar til å få spesialoppgåver innanfor song, slik at dei kan trekkja med dei andre elevane.

6) Morgonsong: Ha morgonsamling med morgonsong for eksempel i skulegarden, i aulaen eller i den enkelte klasse regelmessig, helst kvar dag eller kvar veke. I Danmark har dei fleste skular felles morgonsong kvar dag.

7) Finn nye høve til songaktivitetar: Finn òg andre høve til å synga som styrkjer statusen til songen for skulen – f eks song på foreldremøte, song for målgrupper utanfor skulebygget, song på nye, spennande plassar osb.

8) Bygg kompetanse og inspirasjon hos dei tilsette: Invester i Syngende skole-pakka eller Syngende skoles ressursportal. Les meir her!

På Tunkatten.no finn du ei digital songbok med komp, song og notar.

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 22.23

Lik Framtida.no på Facebook: