«Ein heldig valt fellessong som start på dagen skapar kjensle av liv og samhald, form og konsentrasjon», skriv Fred Ola Bjørnstad.
Fred Ola Bjørnstad
Fred Ola Bjørnstad

Aktiviteten song, anten han blir utøvd i fellesskap eller einsemd, slår ikkje ut på målebarometer i skulen.

Men skal skule berre handla om det målbare? Bør skule òg handla om det som ikkje kan målast, det som handlar om det å vera menneske, det eksistensielle?

Song handlar om det som kjem direkte til oss, eller, frå oss. Song blir uttrykt direkte frå kroppane våre og kan røra oss djupt og inderleg.

Glede, sorg og sinne, men òg poesi, dikting og historie, det vil seia alt dette som me kallar kulturarv og –tradisjon, kan formidlast gjennom song.

Men aktiviteten song kan òg ha andre funksjonar. Ein heldig valt fellessong som start på dagen skapar kjensle av liv og samhald,  form og konsentrasjon. Og han kan gje eit grunnlag for ettertanke.

Allereie i den mellombelse mønsterplanen av 1971 påpeikar plangjevarane misforholdet mellom mengda inntrykk barn og unge får frå tekniske massemedium og høva dei har for eigne uttrykk slik vi òg kjenner det så altfor godt i dag: «En naturlig følge og et naturlig vern er å innta en sløv, passiv holdning og motta inntrykkene overflatisk. I mange tilfeller vil behovet for utfoldelse hos elevene gi negative utslag». (s. 35). Som botemiddel rår dei til at skulen gjev elevane personlege uttrykksmiddel og høve til å utfalda seg.

Her er song eit godt alternativ. For stemme har vi alle, og vi har ho alltid med oss. Men i vår til dels tagale tid der alle moglege maskinar spelar og syng for oss, må aktiviteten song øvast på. Som alt anna menneskeleg krev det munnlege uttrykksapparatet trening og vedlikehald.  Eit repertoar må òg lærast inn. Viss ikkje har ein berre det eksistensielle ropet å uttrykkja seg med.

Den fragmentariske og til dels forvirrande kultursituasjon som no i stor grad òg pregar skulen, ropar på situasjonar og aktivitetar som skapar konsentrasjon og kjensle av samhald og samhørsle.  Klokt utvalde tekstar og melodiar sunge i fellesskap gjev gode høve for svar på dette.

Les også:

Berre kring halvparten av norske barn syng kvar dag i skulen

8 tips til ein skule som vil synga meir

Syng lyst og sakte for å få med borna

Oppdatert: laurdag 13. oktober 2018 09.08

Lik Framtida.no på Facebook: