mm

Lokal rammeplan for barnehagane i Ørsta får nasjonal merksemd. – Me håpar det vil vera til inspirasjon til fleire, seier Reidun Mo.

 

Barnehagane i Ørsta er kanskje dei første i landet som har fått sin eigen lokale rammeplan basert på den nye nasjonale rammeplanen som blei gjeldande frå 1. august i år.

Den lokale rammeplanen er for både for dei sju kommunale og fire private barnehagane i kommunen.

– Me ville laga ein felles plan alle borna våre, dei skal jo alle over i den same skulen, påpeikar Reidun Mo, seksjonsleiar for barnehagane i Ørsta til Pirion.

Viktig med nynorsk høgtlesing

Å lage ein lokal rammeplan er frivillig. I Ørsta har dei valt å fokusera på språk, kultur, natur og leik. Kommunen har samarbeidd med både Nynorsksenteret og Aasentunet om å utvikla den lokale rammeplanen.

– Når borna skal læra det nynorske skriftspråket i skulen, men ikkje har høyrt det før dei byrjar på skulen, så blir det ikkje så lett å bli trygge på skriftspråket. Dialekt er viktig for identiteten og for sjølvkjensla. Ungdommane frå Ørsta snakkar dialekt, men me ser at det er fleire ungdommar lokalt som skriv bokmål sjølv om dei snakkar dialekt. Viss me skal løfta fram nynorsken, så må me byrja i barnehagane og gje status til nynorsken, understrekar Reidun Mo.

Syng seg inn i nynorsken

Barnehageundersøkinga til Pirion i desember 2016, viste at barnehagane i nynorskområde oftare syng og les på bokmål enn på nynorsk.

Reidun Mo trur det er lett å ty til songar på bokmål til dømes no i julehøgtida, når ein møter bokmålssong i tv og radio.

– Me må vera ei motvekt til dette, seier ho, og viser til at det fintst fleire nynorske songbøker ressursar på nett.

Tunkatten.no er heilt fantastisk, skryt ho.

Laga handlingsplanar

Den lokale rammeplanen er ein del av eit utviklingsarbeid som kommunen starta sist vinter, og skal halda på i tre år. Reidun Mo understrekar at den lokale rammeplanen skal stå på eigne bein, og ikkje berre vera er light-versjon av den nasjonale rammeplanen.

Alle barnehagane har hatt ei verksemdsanalyse, og det er laga ein felles handlingsplan for kommunen og handingsplanar for kvar barnehage.

Mellom anna blir det understreka at barnehagane skal førebygga mobbing og letta overgangen mellom barnehage og skule.

Elles står det mellom anna at:

  • Alle ungane skal bli lese for på nynorsk kvar dag

  • Leike ut kvar dag

  • På tur kvar veke

– Ein veit at det å gå i ulendt terreng er viktig for den motoriske utviklinga, og at det motoriske heng saman med den kognitive utviklinga, påpeikar Reidun Mo.

Inspirasjon til andre

Bladet Utdanning har hatt ein større artikkel om satsinga, og leiar i Noregs Mållag gjev ros til Ørsta kommune for satsinga:

– Dette ser rett og slett veldig bra ut, og me i Mållaget blir spesielt glade for å sjå eit døme på barnehagar som førebur barn til å gå i nynorskskule, ikkje bokmålsskule, skriv han i ei melding til Reidun Mo.

– Det er klart det er kjekt. Då veit me at me har gjort noko rett, og kanskje kan me også vera til inspirasjon for andre, seier ho til Møre-Nytt.

– Er det greitt at andre bruker den lokale rammeplanen dykkar som eit grunnlag for eigne lokale rammeplanar?

– Det er kjempeflott viss andre vil bruka planen vår som inspirasjon. Det viktigaste vil likevel å gjera planen til sin eigen, avsluttar Reidun Mo.

Les den lokale rammeplanen her!

LES OGSÅ: – Me har eit valdsamt stort ansvar for nynorsk i barnehagane

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 21.39