Anne Marta V. Vadstein, Nynorsksenteret
Anne Marta V. Vadstein, Nynorsksenteret

Born har eit medfødd behov for å uttrykkje seg, og dette er ein viktig del av det å vere menneske.

Vi uttrykkjer oss på ulike måtar, verbalt, kroppsleg, gjennom teikning og mykje meir. Vi skal sjå nærare på korleis vi kan bruke song og musikk i språkstimuleringa i barnehagen.

Rammeplan for barnehagen seier barnehagen skal bidra til at barna leiker, improviserer og eksperimenterer med rim, rytme, lydar og ord, og at personalet skal oppmuntre borna til å gjere det (R17, s. 48). Visste du at musikk og rørsle ser ut til å ha særleg god effekt i språkopplæringa? Elin Angelo Aalberg & Marit Semundseth (2006) kombinerer språk, musikk og rørsle og kallar det «sprusikk». Dei brukar det som ein metode for å fremje den språklege kompetansen til born. Musikk er dessutan eit verdsspråk, og det gjer at alle kan delta, uansett språkleg bakgrunn. Sprusikk handlar om leik, song, rørsle, lytting, utforsking og bruk av rytmeinstrument. Det handlar om aktiv samhandling, og bør vere prega av leik og lyst. Skrivesenteret har skrive meir om korleis ein kan gjennomføre sprusikksamlingar med dei yngste borna i barnehagen.

Musikk og språk har somme fellestrekk. Både når vi snakkar og når vi syng, ordnar vi uttrykket gjennom dynamikk, rytme, artikulasjon og form. Vi justerer tempoet og tonehøgda alt etter kva vi vil formidle og kva kjensle vi vil uttrykkje. Pulsen går ned når vi syng «So ro liten tull» og går tilsvarande opp når vi hoppar opp og ned i lag og syng «Vi vil ha snø no!». Å syngje handlar om å bruke språket til noko som vert opplevd som meiningsfullt og med eit føremål; vi vil fortelje noko med musikken, orda og rørslene. Når vi syng songar med tekst, øver vi på språk utan å tenkje over det.

Ein del vaksne kvir seg kanskje, og føler ikkje at dei er flinke nok til å syngje. Snakk om det i personalgruppa og byt oppgåver om naudsynt. Men ikkje kutt ut songen. Oppmuntre kvarandre til å ha songglede, ikkje perfeksjon, som mål. Eit praktisk tips når du skal syngje med små born, er å syngje lyst nok. Barnestemmene klarer ikkje å syngje med dersom den vaksne syng i eit mørkt toneleie. Dersom ungane får syngje passeleg lyst, vert det kjekkare og enklare for dei å syngje med.

I Utdanning nr. 19 kunne vi lese om lærar Kristin Tangen Tolo, som nyttar song på barnetrinnet for å lette overgangen til nye timar eller aktivitetar. Ho seier elevane er rolegare, gladare og lærer meir når dei får syngje ofte, og viser til at det å syngje dempar stresshormonet kortisol. Det er vanskeleg å vere sur og syngje samstundes!

Ved å stimulere born si musikalske utvikling legg vi til rette for språkleg utvikling, og i andre omgang for lese- og skrivelæring. Hugs å leggje til rette for å syngje på nynorsk, for det er til god hjelp for å tileigne seg skriftspråket og for å utvikle ein trygg nynorsk språkidentitet. Gode fellesopplevingar i ein leikande atmosfære, saman med bevisste og engasjerte vaksne, er vesentlege premissar for språklæring. God song!

Refleksjonsspørsmål til personalgruppa:

  • I kva grad syng vi, brukar rørsle eller rytmeinstrument i barnehagen?
  • Korleis opplever borna songaktivitetane?
  • Hugsar vi på å starte songen lyst nok til at borna klarer å syngje med?
  • Kjenner alle i personalgruppa til kvar vi kan finne nynorske songar?

Referansar:

Aalberg, E.A. og Semundseth, M. Sprusikk – Språkstimulering gjennom fagene norsk og musikk. I Barnehagefolk 4/2006

Skrivesenteret (2016): http://www.skrivesenteret.no/ressurser/sprak-musikk-sprusikk/

Kibsgaard, Sonja (red.): Grunnleggende læring i et stimulerende miljø i barnehagen. Universitetsforlaget 2006

Solli, Arne: – Når ungane får synge, lærer dei betre. I Utdanning 19/2017

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 21.26

Lik Framtida.no på Facebook: