– Titil, tåtil, tillarot, meggelfru, storegubben sjølv!
Anne Marta V. Vadstein, Nynorsksenteret
Anne Marta V. Vadstein, Nynorsksenteret

Fingrane knip lett, frå tå til tå, på den lubne barnefoten. Guten som eig foten, er kilen og ler når den vaksne rører ved tærne hans. Dei to deler den vesle stunda i stellesituasjonen. Merksemda er retta mot barnet, og den vesle regla blir teken opp att når neste sokk skal skiftast. Orda er tøysete, men den vesle rytmiske ordleiken skaper fellesskap mellom dei to.

Anne Marta Vinsrygg Vadstein er høgskulelærar og jobbar på Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.

Rammeplanen oppmuntrar oss til å fabulere og leike, improvisere og eksperimentere med rim, rytme, lydar og ord (R17, s. 48). Dette kan gjerast i alle samanhengar i løpet av dagen, og er viktige byggjeklossar når språk skal lærast. Eg har til gode å møte eit barn som ikkje likar å leike seg med rim. Mange barnehagar lagar rim knytt til namna i barnegruppa og ser at borna likar det godt. Ha likevel i tankane at ikkje alle namn rimar på noko hyggeleg, og at slike namnerim har lett for å bli hengande ved og bli brukt i erting. Då er det betre å bruke regler der ein kan setje inn namna på borna etter tur. Eit døme på det er denne vesle regla frå Nordfjord:

Han Pål er liten og gløgg og forviten
og alltid så grev han og spør:
«Kor gamal er jorda, kvar vart det av sola, kvifor har ikkje hunden vår fjør?»

Mange av reglene høyrer til ein lokal tradisjonskultur og er overførte munnleg. Inviter gjerne foreldre og besteforeldre til å kome med rim og regler de kan bruke i barnehagen. Nynorsksenteret har fått tilsendt fleire slike sjølvlaga hefte med lokale regler, illustrerte av borna i barnehagen. Dei vaksne fortel at borna lærer reglene raskt og at dei får eigarskap til dei. Dette gjeld både om reglene er på norsk eller på andre språk. Mangfaldet i barnehagen er ein ressurs, også i denne samanhengen.

Nynorsksenteret har laga ei lita samling med musikk, rim og regler til bruk i barnehage og barneskule: http://www.nynorsksenteret.no/rim. Dei er sorterte i kategoriane Dyr og fuglar, Vennskap og litt av kvart, På fanget og Kroppen, fingrar og tær. I tillegg finn du fem matvers, som dette barnerimet av Hilde Myklebust:

I dag tidleg, klokka seks, vakna det ei lita heks
I dag tidleg, klokka sju, mjølka ho ei bjølleku
I dag tidleg, klokka åtte, rydda ho si heksegrotte
I dag tidleg, klokka ni, kutta ho ein brokkoli
I dag tidleg, klokka ti, brygga ho litt hekseri
Kokte ein time frå elleve til tolv:
flugesopp, negler og rusk frå eit golv,
froskar, bein og ein sur mjølkeskvett
No vert det godt å få ete seg mett!

Somme barnebøker inviterer også til leik med rytme og rim, som til dømes «Hokus Pokus 1-2-3» av Sissel Horndal. Andre bøker balanserer mellom dikt og regler, som «Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar» av Lisbeth Dreyer og Per Ragnar Møkleby. Born kan leike seg med bokstavrim lenge før dei treng å lære at det er det det er.

Bella heng
på bryggebein,
kusina heng
på fjørestein.

Rim og regler kan altså vere så mangt, men eit fellestrekk er at dei inneheld leik med lydar, rytme og andre språklege verkemiddel. Det stimulerer både taleminnet og omgrepsforståinga, i tillegg til å vere eit bindeledd mellom det musiske og språket. Visste du forresten at born med fleirspråkleg bakgrunn ofte har lettare for å delta i leik med innslag av song, rim og regler, enn i rolleleik? (Kibsgaard, 2008)

Det er ikkje noko gale i å ha «hugselappar» ved stelleplassen, i garderoben eller under ein gjennomsiktig voksduk på matbordet. Det viktigaste er å leggje til rette for dagleg bruk av rim og regler, det er god språkstimulering for både liten og stor.

Refleksjonsspørsmål til personalgruppa:

  • Kor ofte brukar vi regler i barnehagen, både i samlingar og elles?
  • På kva måtar stimulerer bruk av rim og regler språket?
  • Kvar i barnehagen kan vi hengje opp rim- og reglehugselappar eller bilete til inspirasjon for dei vaksne og/eller borna?

Referansar:

Kibsgaard, Sonja (red.), 2008: Grunnleggende læring i et stimulerende miljø i barnehagen. Oslo: Universitetsforlaget.

Kunnskapsdepartementet, 2017: Rammeplan for barnehagen.

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 21.33