Foreningen !les har samla tekstar om litteraturkritikk, kritisk lesing og formidling i klasserommet i den nye utgjevinga Inn i litteraturen. Ut i samfunnet.
mm

Foreningen !les har lang røynsle med kritisk lesing som metode i skulen. Men kva er eigenleg kritikk og korleis kan kritisk lesing som metode fungera i møte med elevane? Dette er spørsmål som vert nærare diskutert i utgjevinga, Inn i litteraturen. Ut i samfunnet, som Foreningen !les no utgjev.

Inn i litteraturen. Ut i samfunnet er ei samling av tekstar om litteraturkritikk, kritisk lesing og formidling. Målet med utgjevinga er at lærarar, bibliotekarar og kritikarar skal få konkrete formidlingstips, teoretisk påfyll om kva kritikk er og lære meir om kritisk lesing som metode i skulen.

– Foreningen !les har i mange år utfordra barn og unge til å bruka verktøya til kritikarane i møtet med samtidslitteratur for barn, ungdom og vaksne. I dette heftet deler norsklærarar, kritikarar, forskarar og Foreningen !les røynslene sine, tankar og undervisningsopplegg om kritikk og kritisk lesing i skulen, seier redaktør for utgjevinga i Foreningen !les, Bjarte Bakken.

Erfaringar frå Foreningen !les-prosjekt som Bokslukerprisen, Uprisen og Ungdommens Kritikerpris er sentrale i utgjevinga. I tillegg deler litteraturkritikar Guri Fjeldberg tips om korleis ein får barn og ungdom til å meina noko om litteratur, og norsklærar Johanne Nordhagen ved Hamar Katedralskole fortel om opplevingane sine med juryklasser i Ungdommens Kritikerpris.

I utgjevinga er det òg attgjeve ei redigert utgåve av ein samtale om litteraturkritikk i Noreg mellom Sissel Furuseth, ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo, og litteraturkritikarane Bernhard Ellefsen i Morgonbladet og Gro Jørstad Nilsen i Bergens Tidende.

– Det finst utalde innfallsvinklar til litteraturkritikk og kritisk lesing som metode i skulen. Dette heftet gjev ikkje eit fullstendig bilete, men vi håpar tekstane på ulikt vis kan vera eit bidrag inn i denne samtalen og kan inspirera til å nytta kritisk lesing som metode, seier Bakken.

Inn i litteraturen. Ut i samfunnet finst på nett her og som ISSUU her.

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 20.52

Lik Framtida.no på Facebook: