Kari Smeland blir den første norske forfattaren som kjem ut med bok på maltesisk.
mm

Den nynorske barneromanen hennar Familien Kråkestup og nyset i nabohuset er kjøpt av eit maltesisk forlag, skriv Bok365.no.

Smeland debuterte med barneboka i 2012 på Det Norske Samlaget og fekk strålande gode kritikkar. Då boka vart presentert på bokmessa på Malta i november i fjor, blei det største maltesiske forlaget, Merlin Publishers, interessert. No har dei kjøpt rettane til ei omsetjing til maltesisk.

Den nynorske barneboka er tidlegare selt til forlag i Danmark, Frankrike, Tsjekkia, Tyskland og Tyrkia, opplyser Hagen Agency.

Cathrine Krøger i Dagbladet skreiv dette om boka då ho kom ut for seks år sidan: «Fantastisk barnebokdebut om eksentrisk familie (…) Det er en utrolig energi i denne fortellingen, som sitter fra første stund.»

Boka passar godt til høgtlesing for barn i småskulen. Boka har fine illustrasjonar av Mona Brekke og kan også lesast sjølv av born frå 7-8 til 10 år.

Oppdatert: fredag 12. oktober 2018 20.55

Lik Framtida.no på Facebook: