Korleis kommuniserer bildebøker med dei aller yngste lesarane? Førstelektor Hilde Dybvik og Barnebokkritikk.no tok samtalen med NBI-stipendiat Hannah Aukland, forfattar Kari Stai og pedagog og forfattar Bjørn T. Bø på Falturiltu-seminaret til Falturiltu.
mm

– Når me kjøper barnesete til barna våre, er me veldig opptekne av kvaliteten. Ein bør også vera det når ein kjøper bøker til dei, seier Kari Stai.

Men kva skal ein leggja i kvaliteten for dei minste? Kor gode bøkene er til å bita i – eller korleis dei smakar? Og korleis skal ein vurdera estetikk og litterær kvalitet?

– Mesteparten av denne typen litteratur er omsett litteratur av varierande kvalitet. Ein kjem litt til kort i møte med amerikanske lastebilar, seier Bjørn T. Bø. Han er barnehagepedagog og forfattar av boka Det er ein elefant i barnehagen.

– Eg er veldig glad i den typen bøker som Kari (Stai) lagar. Emma og Thomas-bøkene likar eg òg godt. Dei er kanskje ikkje så narrative, men litt, sidan det er eit hendingsforløp i dei.

Visuell grammatikk

NBI-stipendiat Hannah Aukland er opptatt av det visuelle i bøkene for dei minste.

– Gode bøker for denne gruppa av barn har veldig mykje visuell grammatikk som stemmer. Dei har ofte cliffhangarar som heng på kvart oppslag, fortel Aukland. Ein ting eller ei handling i høgre del av bildet gjer at ein får lyst til å bla vidare, og driv historia vidare.

Fargebruken er òg med på å understreka karakterar og handling, som til dømes med Jakob og Neikob i raudt og blått.

NBI-stipendiat Hannah Aukland (med mikrofonen) etterlyste eit begrepsapparat for kritikk av bildebøker for dei minste.

– Det er gode grunnar til innføra eit lite teoretisk rammeverk slik at ein kan sjå kva ein skal sjå etter for å heva feltet, seier Hannah Aukland.

– Kritikarane bør sitja med eit minimum av fagspråk. Semiotikk og kunnskapar om korleis fargar og bilde kommuniserer, er viktig.

Aukland meiner òg ein bør kunne snakka om estetikk.

Konkretar

Bøkene om Mopp og Mikko er mykje brukte i barnehagane. Kari Stai seier bøkene var eit pedagogisk styrt prosjekt.

– Men viss det blir for pedagogisk, kan det bli kjedeleg. Ungane kan alltid meir enn me trur. Me vil så ofte at ungane skal læra i rett rekkefølgje, men det er ikkje alltid éi rett rekkefølgje.

Bøkene hennar har eit handlingsforløp frå A-Å. Mopp og Mikko køyrer traktor og elskar dyr. Pirion.no har tidlegare skrive om barnehagar som har laga konkretar med både eigne Mopp og Mikko-dokker og dyr som dei lastar opp på lasteplanet og slik bruker bøkene i språkstimuleringsarbeidet.

Elisabeth Bjørnsen Leland les Mopp og Mikko tll borna i Sveio barnehage. Arkivfoto: Ingunn Gjærde

– Ei god bok skal bera seg sjølv

Bjørn T. Bøe kjenner seg igjen:

– Me bruker veldig ofte konkretar i barnehagen, og særleg for dei minste. Men vel så viktig er den vaksne sin evne til å fortelja. Har ein ei barnebok der kvaliteten på illustrasjonane er god, og den vaksne er god på å formidla, så er det nok til å fanga barna.

– Ei god bok skal kunne bera seg sjølv. For ein kritikar må det vera der kvalitetsomgrepet ligg. Formidlingssituasjonen i barnehagane fell ofte ned på kor gode formidlarane er.

Vil dyrka fantasien

Bjørn T. Bøe trur ikkje det er behov for pedagogisk kompetanse for å skriva gode bøker for dei minste.

– Eg måtte gå ganske mange rundar mellom pedagogen og forfattaren i meg. Eg ville at det skulle opplevast som mest mogleg nært borna det eg skreiv.

Men har han brukt eigen kompetanse som pedagog som forfattar?

– Den pedagogiske innsikten har eg med meg, men eg har ikkje lyst til å vera belærande. Som forfattar vil eg dyrka den frie fantasien og ta barn på alvor

Få bøker blir utsett for kritikk

Barnebokkritikk.no arrangerte samtalen under årets Falturiltu-seminaret. Redaktør Ingvild Bræin var til stades under debatten, og måtte samstundes kikka gjennom arkivet deira. Der fann ho nesten ingen bøker med dei aller minste som målgruppe.

– Det er grunn til å spørja seg: Kva kriterium skal me leggja til grunn når me vurderer desse bøkene? Kva kompetanse skal kritikaren ha? seier ho til Pirion.no og seier det er behov for å utvikla nokre omgrep og eit rammeverk for å vurdera bøkene til dei aller minste.

 

Oppdatert: måndag 19. november 2018 13.37

Lik Framtida.no på Facebook: