Maria Arendt (18) og Valita Øksnes (18) er lærlingar i kvar sin barnehage i språkkommunen Stord.
mm

– Me les mykje barna, og bruker òg rollespel. Det er viktig å bidra til å utvikla språket til barna, seier dei to lærlingane i barne- og ungdomsarbeidarfag frå Bømlo.

Eit halvt år ut i læretida har dei lært mykje om Språkløyper, og korleis ein kan jobba med nynorsk og lesing i barnehagen.

Språkløyper er den nasjonale strategien for språk og lesing og skriving frå barnehage og ut vidaregåande. Både Stord og heimkommunen deira Bømlo er språkkommunar, og har fått støtte til å jobba ekstra med Språkløyper dei siste åra.

– Me speler blant anna brettspelet Lotto med 3-åringane, der dei må fortelja kva som står på korta. Der er morosamt å sjå korleis dei utviklar språket sitt, seier Maria Arendt, og legg til:

– Det er viktig å skapa fellesskap med ungane om lesing, seier Maria Arendt. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Det er veldig viktig med repetisjon, og kjekt å sjå kor mykje dei hugsar for kvar gong.

Tilpassar lesinga

Kvar dag fører dei lesedagbok og får oversikten over kven som blir lese for.

– Korleis får dykk med dykk alle til å bli lese for?

– Det er nokon som av og til ikkje følgjer med eller ikkje blir med på lesinga. Då må me prøva å tilpassa oss og bruka nokre bøker som passar dei betre, fortel Valita Øksnes.

– Me kan òg mima med heile kroppen og verkeleg leva oss inn i boka, legg Maria Arendt til.

– Opplever de at ungane tar med seg det de har lese til dei med i leiken?

– Ja, det var ein gong eg las Hans og Grete, og då såg eg dei leika Hans og Grete etterpå, ler ho.

Maria Arendt (t.h.) og Valita Øksnes stod på stand på Utdanningsmessa for Sunnhordland sist veke. Foto: Svein Olav B. Langåker

Godt samspel

Maria Arendt har første året av læretida si i Stord kommune saman med venninna Valita Øksnes. Me treff dei medan dei står på stand for Stord kommune på Utdanningsmessa for Sunnhordland.

Første året er dei utplassert i barnehage, og andreåret skal dei vera i skulen.

– Det blir veldig spennande og sjå korleis ein jobbar i skulen, seier Valita Øksnes.

Dei to 18-åringane tok barne- og ungdomsarbeidarfag på Bømlo vidaregåande.

– Viss du likar ungar, er det ei veldig kjekk linje. Å jobba i barnehage er variert. Ungane er fantastiske og det er eit godt samspel mellom barna og dei vaksne, skryt Valita Øksnes. Ho jobbar i Sagvåg barnehage, medan Maria Arendt er i Trodlahaugen.

Oppdatert: måndag 28. januar 2019 22.32

Lik Framtida.no på Facebook: