Stort fleirtal i Bergen bystyre for nynorske turbibliotek.
mm

Sogn og Fjordane fylkeskommune har tatt initiativ til å bygga dagsturhytter i alle kommunane i dagens Sogn og Fjordane med nynorske turbibliotek i hyttene. Aasentunet har òg laga til turbibliotek på Søre Sunnmøre og i Nordfjord med nynorske bøker.

Denne veka vedtok Bergen bystyre å oppretta slike nynorske turbibliotek i Bergen. Alle parti, bortsett frå Høgre og Frp støtta forslaget frå Line Berggreen Jacobsen (Ap).

– Det er ikkje tvil om at dette vil bli eit kjempebra bidrag til å skapa turglede og leseglede for barn og unge, seier ho til Framtida.no.

Line Berggreen Jacobsen (Ap) kom med forslaget om å oppretta nynorske turbibliotek i Bergen. Foto: Ap

Vil stimulera til nynorskbruk

I vinter kunne Framtida.no fortelja at Bergen hadde ein nedgang på 111 nynorskelevar, noko som utgjer meir enn halvparten av den netto nedgangen i Noreg.

– Det er urovekkande tal. Nynorske turbibliotek vil vera eit bidrag for å stimulera til meir bruk av nynorsk i Bergen, seier Line Berggreen Jacobsen.

Håpar fleire kjem etter

Byrådet skal no legga fram ei sak til bystyret med forslag til korleis Bergen kan få fleire nynorske turbibliotek. I interpellasjonen til bystyret føreslår Line Berggreen Jacobsen at kommunen samarbeider med frivillige som Bergen og Hordaland Turlag.

– Eg håpar fleire kommunar kjem etter. Ideelt sett burde heile Hordaland fylke adoptera ideen! seier ho til Framtida.no.

Ifølgje Siri Beate Gjerde ved Ivar Aasen-tunet, er det fleire kommunar som har tatt kontakt for å få oppretta fleire turbibliotek.

– Interessa er veldig stor, seier ho, og gler seg over at Bergen òg skal få seg nynorske turbibliotek.

LES OGSÅ: Slik vil Bergen ta meir ansvar for nynorsk

Lik Framtida.no på Facebook: