Den unge dronninga er født med ei meining om korleis eit godt humlehus skal sjå ut. Ho veit kva ho leitar etter - og du kan lage det til ho!
Janne Nerheim
Janne Nerheim

Dette ser humlene etter når dei flyg rundt i vårsola for å finne ein stad dei kan bu:

  • Ein tørr og trygg stad
  • God varmeisolasjon
  • Luftig nok til at det ikkje blir fuktig
  • Stort nok til ein humlefamilie
  • Kassa må vera plassert slik at humla finn den på leiting etter bolig

LES MEIR: Verda treng fleire humler

Dette treng du til ei kasse:

  • Du treng ein planke (1,2 meter lang, og gjerne 15 cm brei) som du sager opp slik: Fire veggar som er 15 cm lange og 15 cm breie. Golv og tak som er 25 cm lange og 15 cm breie.
    Foto: Tor Bollingmo
  • Ei sag, ein hammar, ein vinkel og minst 20 spiker.
  • Ein drill med bor (som kan skiftast ut) til å lage eit hol med diameter 2 cm og mange luftehol på cirka 2 millimeter.

Du kan gjerne bruke ein planke som er beiare eller smalare enn 15 cm. Det er lengda på plankebitane som er viktigast.

Slik gjer du:

  • Fyrst snikrar du saman dei fire veggane.
  • Sett dei ferdige veggane på golvbiten (den eine plankebiten som er 25 cm lang og 15 cm brei) slik at botnen av kassa stikk fram – slik at humla har ein plass å lande når ho kjem flygande.
  • Drill holet til inngangen. Det skal vera plassert cirka to cm oppe på frontveggen. Det treng ikkje vera heilt sirkelrundt.
  • Øvst på same plate drillar du 10 små hol til lufting på varme dager. Desse hola gjer også at fukt går ut att av kassen. Bruk eit bor med diameter ca. 2 millimeter.
  • Den andre biten som er 25 cm lang og 15 cm brei skal vera lokk. Legg biten oppå kassa, og bruk ein stein til å halde det på plass med.
  • No er kassa ferdig, og du kan lage eit reir til humlene.
    Foto: Tor Bollingmo
  • Oppi kassa kan du legge tørt, tynt gras. Ikkje for mykje, det må ikkje fylle heile kassa. Ein tynt lag i tre fjerdedelar av kassa er nok.
  • I midten av reiret legg du fin ull eller hår frå katt eller hund som du har samla opp den siste tida. Bruker du ull er det viktig at ulla ikkje har for lange trådar. Då kan nemleg humla henge fast beina i trådane. Du kan også få kjøpt eit slikt lite reir i butikk.

Slik kan du pynte kassa:

  • Du kan velge sjølv om du vil male eller beise kassa. Den varer lenger viss den blir malt eller beisa. Men, ikkje bruk beis med altfor sterk lukt.
  • Du kan pynte kassa – mal gjerne blomar, sommarfuglar eller humler på utsida. Eller det du har lyst til.

Kva tid bør du sette kassa ut?

  • Dei fleste humledronninger leitar etter bolig i siste halvdel av april og fyrste halvdel av mai.
  • Nokre artar vaknar seinare av vintersøvnen og leitar etter reir heilt ut i juni.

Kva gjer du når sesongen er over?

  • Løft ut alt som er inni kassa og brenn det utandørs saman med ein vaksen. Skyll kassa med varmt vatn, og set kassen i boden til april. Reirmaterialet inneheld ofte parasittar som du ikkje vil ha med til neste sesong. Det kan vera larver og pupper av ulike fluer og møll, midd og anna som lever av restane av humlebolet.
  • No er alle arbeiderar og hannar døde, og dei unge dronningane har plassert seg rundt omkring i terrenget for å sove til neste sesong.

(Kjelde: Humleskolen.no)

Oppdatert: sundag 30. juni 2019 11.07

Lik Framtida.no på Facebook: