Anja Dahle Øverbye kjem i desse dagar med boka Lykketanna – hennar første bildebok for barn.
mm
Tre bøker som Anja Dahle Øverbye vil anbefale

Jeg er døden, Jeg er livet og Jeg er klovnen av Elisabeth Helland Larsen og Marine Schneider

Når alle sover av Nicolai Houm, illustrert av Rune Markhus

Jernmannen av Ted Hughes

LES FAKTALUKK FAKTA

Anja Dahle Øverbye er teikneserieskapar og illustratør, busett i Oslo. Ho er utdanna frå Bergen og England, og debutboka hennar, Hundedagar, vann prisen Årets teikneserie i 2016. Ho er omsett til engelsk, fransk og russisk.

Lykketanna er hennar første biletbok.

– Kva fekk deg til å lage denne boka?

– Eg ville lage ei bok som kan hjelpe barn å sette ord på kjenslene sine, og å gi dei eit språk for vonde tankar. Ideen til tematikken fekk eg frå min eigen son, som grua seg veldig til å starte på skulen då han var seks år. Alle hadde ei forventning til at han skulle gle seg, og han kjende seg veldig åleine om det å grue seg. Eg vil normalisere det å grue seg, eller ha negative kjensler rundt noko ein gjerne er forventa å gle seg til.

– Håpar du boka kan vera til hjelp for barn som gruar seg til å byrje på skulen?

– Ja, det håper eg! Eller hjelpe barn som gruar seg til andre ting som er nytt. Å vite at det er vanleg at frykt sett seg i både hovud og kropp! Og det er vanleg å grue seg eller vere redd for ting. Det er ein del av livet, like mykje som det å gle seg.

– Korleis er det å skrive og illustrere for barn som målgruppe, samanlikna med det du har gjeve ut tidlegare?

– Det har vore veldig kjekt! Eg har jobba med å gjere bodskapen tydeleg og konkret, og det har vore gøy å jobbe meir med tekst enn eg har gjort tidligare.

– I teikneserieromanane mine har det berre vore dialog, så det var fint å jobbe meir med handlinga i tekst, og ikkje berre i bilde. Det var og gøy å jobbe med store, fargerike oppslag, og tenkje at det skulle vere som ein visuell godtepose.

Anja Dahle Øverbye er aktuell med boka Lykketanna (Samlaget)

– Har du testa ut boka på barn? I så fall, kva innspel fekk du frå dei?

– Ja, eg har testa boka på min eigen son, som no skal starte i tredje klasse. Eg las nokre utkast til han i starten, og han spurte med ein gong fleire spørsmål om hovudkarakteren. Då forstod eg at karakteren hadde blitt levande for han, og det var ei god kjensle. Då visste då at eg var på rett kurs!

– Kva bok gjorde inntrykk på deg som barn, og kvifor?

– Den flyvende Hollender, og ikkje minst I morgentåkedalen. Nydelege bøker som sett seg i mellomgulvet!

– Kva meiner du ei god barnebok MÅ innehalde?

– Eit innhald som opnar for samtale etter at boka er lese! Om det så ligg i tekst, illustrasjon eller begge deler.

Les omtale av boka her!

 

Oppdatert: onsdag 14. august 2019 14.02