Me veit, at glede og smil skapar begeistring i barns liv. Me veit, at latter er ein viktig del av barns trivsel og velvære. Men er det nok rom for barn sitt tull og tøys i den vaksne si verd?
 Annette Kristoffersen Winje og Maritha Berger Nylund, høgskulelektorar i Barnehagepedagogikk, Høgskulen på Vestlandet
Annette Kristoffersen Winje og Maritha Berger Nylund, høgskulelektorar i Barnehagepedagogikk, Høgskulen på Vestlandet

Tull og tøys har rett på ein plass i barnehagen. Songen «Slipp fisen fri» frå barnas supershow på NRK 3 rungar over høgtalarane på avdelinga i barnehagen. Barna har sjølv valt kva song dei skal høyre på denne ettermiddagen. Dei hoppar, dansar seg andpustne, smiler, ler og syng av full hals. Når ordet rumpe kjem i den eine tekstlinja «Hør rumpa syng med ein super futt, her er ein fjertesalutt!» legg dei ekstra trykk på rumpe når dei syng med. Kva tenker me som vaksne då: Sånn type humor orke eg ikkje på min avdeling? Eller: Dette var jammen meg morosamt? Uttrykksforma tull og tøys har sin rett i barnehagen, sjølv om det ikkje alltid passar for oss vaksne å ønske det velkommen.

Å skape eit positivt klima i barnehagen. Dei aller fleste synst det er godt å vere der det er god stemning. Ein trivets på stader der latteren sit laus, der dei gode forteljingar og vitsar vert fortalde og komiske situasjonar oppstår. Sonja Kibsgaard, forskar i pedagogikk skriv i si nyaste bok «Tull og tøys i barnehagen» at tull og tøys er heilt sentralt i barnekulturen og har ei formande kraft på barnets spontanitet og fadenivoldskhet. Kibsgaard besøker årets Barnehagekonferanse på HVL sine forskingsdagar ved campus Stord (26/09-2019) og skal greie ut om si forsking kring barns tull og tøys til barnehagefeltet. Og deltok nyleg i radioprogrammet Ekko i NRK P2 kring same tema (03/09-2019 NRK P2).

Barn i dag har det meste av si vakne tid i barnehagen og det vert difor viktig å sette «tull og tøys» på dagsorden. Barnehagen skal først og fremst vere ei trygg stad, men også ein morosam plass å vere. Måten vaksne møter barna sin humor og livsglede på vil vere avgjerande for om humoren vil utviklast og blomstre eller stoppast og forsvinne.

Humor ein viktig mellommenneskeleg kompetanse. For dei som har vore saman med barn veit me at barns utspel ofte kan starte verbalt, med ei grimase eller med ein litt forboden lyd. Det er lett for oss vaksne å stoppe desse utspela, men dersom ein som vaksne har nok kunnskap, klarar å sjå verdien og evner å fange desse leikande og humoristiske innspela, vil ein i større grad klare å skape positive opplevingar og god stemning. Humor er ein viktig kjensle og ein mellommenneskeleg kompetanse. Det er ein god evne å kunne sjå det morosame i det alvorlege og snu ein negativ situasjon til noko positivt i livet.

Kva skjer med barna når dei vaksne ikkje anerkjenner deira humor?

Når vaksne gjentatt stoppar barna sitt tøys og tull, fordi humoren blir tolka som uro og kaos, sluttar barn å uttrykke desse kjenslene og blir fråtekne mogelegheitene for å utvikle sin humor kompetanse i et fellesskap.

Ifølgje Rammeplanen for barnehagar (2017) skal ein som vaksen ta imot alle barn sine ulike uttrykksformer, noko som betyr at ein også må vareta barns humor sjølv om den er ulik dei vaksne sin humor.

Eit positivt klima i barnehagen fører ikkje berre til barns emosjonelle tryggleik, men også til barns oppleving av kontakt og tilhøyr i gruppa. Me veit at positive kjensler skapast i trygge miljø i barnehagen, der barn opplever at vaksne deltar og frydar seg saman med dei. Er du klar for å fryde deg og sleppe barna sin humor fri?

Oppdatert: fredag 13. september 2019 22.07